NRK

No er det BlimE-veka

Del
BlimE, vennskapskampanjen til NRK Super, startar i dag, måndag 17. september. Årets BlimE-låt er allereie ein stor hit, og rekordmange barn vil danse BlimE-dansen.
Sigrid Velle Dypbukt  og Espen Muzamura er programleiarar for BlimE-showet. (Foto: Bernt Olsen/NRK)
Sigrid Velle Dypbukt og Espen Muzamura er programleiarar for BlimE-showet. (Foto: Bernt Olsen/NRK)

Sjølve BlimE-dagen er fredag 21. september, og klokka 12 blir det dansing over heile landet.  Ca 350.000 barn har meldt seg på BlimE-dansen, og det er rekord.

NRK Super ønsker å gi barn felles opplevingar for å styrke samhald og vennskap barn i mellom.

I år er BlimE-låten med Freddy Kalas, og songen har allereie over 2,8 millionar avspelingar på Spotify.  I tillegg har låten over 900.000 avspelingar i TV-spelaren til NRK Super.

Dette skjer også

Tysdag klokka 15.00 til 17.00 blir det direktesending og nettmøte på NRK Super Radio og nrksuper.no. Selma frå Supernytt og Haakon frå Skolefri har med seg eit panel med barn kjent frå populære seriar på NRK Super. Panelet vil snakke om vennskap, utestenging og mobbing.

Fredag kveld klokka 18.00 til 18.40 blir det direktesendt BlimE-show med blant andre Freddy Kalas og Adam Ezzari, og det blir "Valg-O-Drama" med kjente YouTubarar. «Siggen» Sigrid Velle Dypbukt frå MGPjr/ NRK Super og Espen Muzamura er programleiarar. Det blir også masse dans.

Vaksne må også BlimE

Det er lagt til rette for at vaksne og barn kan snakke saman om vennskap eller det å stå utanfor: NRK Super, NRK Skole og Redd Barna har samarbeidd om eit opplegg som tek utgangspunkt i kjente og populære seriar fra NRK Super. Opplegget kan starte ein diskusjon eller refleksjon rundt korleis vi bør oppføre oss mot kvarandre.

Fakta om BlimE:
BlimE er NRK Supers årlege vennskapskampanje. Kvart år sidan 2010 har NRK Super hatt ein BlimE-låt og dans til. Ole Martin Hafsmo, mannen bak musikkvideoen til The Fox har regien på årets musikkvideo.

Årets BlimE-låt: https://tv.nrksuper.no/serie/blime/MSUB04000218/01-09-2018

Instruksjonsvideo for dansen: https://tv.nrksuper.no/serie/blime/MSUB04000818/29-06-2018
Opplegg for barneskulen og foreldre: https://www.nrk.no/skole/blime-i-skolen-1.14178849.

Kontakter

Kontaktperson: prosjektleiar Ida Hartmann, 93458425

Bilder

Sigrid Velle Dypbukt  og Espen Muzamura er programleiarar for BlimE-showet. (Foto: Bernt Olsen/NRK)
Sigrid Velle Dypbukt og Espen Muzamura er programleiarar for BlimE-showet. (Foto: Bernt Olsen/NRK)
Last ned bilde
Last ned bilde

Om NRK

NRK
NRK
Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1
0340 Oslo

23 04 70 00http://www.nrk.no

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.

Følg pressemeldinger fra NRK

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra NRK

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye