Nasjonal rassikringsgruppe

Nasjonal rassikringskonferanse 2019: Ønskjer nasjonal skredsikringsplan

Del

Korleis kan éin nasjonal skredsikringsplan for riks- og fylkesvegar bli del av neste Nasjonal transportplan? Det blir samferdselsministeren, næringsliv og interesseorganisasjonar utfordra til å svare på under Nasjonal rassikringskonferanse i Bergen.

På Nasjonal rassikringskonferanse i Bergen kjem sentrale aktørar frå politikk, næringsliv og interesseorganisasjonar. Foto: Bente Bondhus, Nasjonal rassikringsgruppe
På Nasjonal rassikringskonferanse i Bergen kjem sentrale aktørar frå politikk, næringsliv og interesseorganisasjonar. Foto: Bente Bondhus, Nasjonal rassikringsgruppe

Tysdag 19. februar 2019, kl. 10.00 - 16.30 på Scandic Flesland Airport (mingling og registrering frå 09.30).

For mange er vegen til skule og jobb utrygg på grunn av rasfare. Rassikringskonferansen handlar om kva som skal til for at folk kan ferdast trygt sjølv om vegen ligg i eit rasutsett område.

Det blir innlegg frå sentrale aktørar innan samferdsel og rassikring i Norge, mellom anna samferdselsminister Jon Georg Dale, vassdrags- og energidirektør i NVE, Anne Britt Leifseth og administrerande direktør i Norges lastebileigarforbund, Geir Mo.

Nasjonal rassikringsgruppe ønskjer ein heilskapleg, nasjonal skredsikringsplan gjennomført i løpet av 12 år. Målet er at dette blir ein del av den neste Nasjonal transportplan (NTP 2022-2033). På konferansen utfordrar dei sentrale aktørar til å sjå viktigheita av ein slik heilskapleg plan. I nasjonal rassikringsgruppe sit politikarar frå ni ulike fylke med rasutsette område.

I tillegg til innlegg frå politikarar og interesseorganisasjonar, kjem representantar frå næringslivet. På programmet er det innlegg som handlar om nye og alternative måtar å utføre rassikring på. Eit av desse er frå firmaet RoadCap. Dei har utarbeidd ein rassikringsmetode som inneber å sette opp midlertidige tunnellkonstruksjonar i område med fare for steinsprang.

Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland, opnar konferansen som for første gong blir arrangert i Bergen. Nasjonal rassikringsgruppe er arrangør, mens Hordaland fylkeskommune har ansvar for gjennomføringa.

Sjå programmet for konferansen

Media treng ikkje melde seg på, men vi ønsker å tilrettelegge på ein god måte. Send derfor mail til pressekontakt anbjorn.holme@hfk.no om kven som kjem frå din redaksjon.

Nøkkelord

Kontakter

Åshild Kjelnes, leiar i Nasjonal rassikringsgruppe – mobil 91888568, e-post ashild.kjelsnes@sfj.no

Eva Vinjevoll, administrativt ansvarleg – mobil 95009559, e-post eva.vinjevoll@hfk.no

Anbjørn Holme, pressekontakt – mobil 41511131, e-post anbjorn.holme@hfk.no

Bilder

På Nasjonal rassikringskonferanse i Bergen kjem sentrale aktørar frå politikk, næringsliv og interesseorganisasjonar. Foto: Bente Bondhus, Nasjonal rassikringsgruppe
På Nasjonal rassikringskonferanse i Bergen kjem sentrale aktørar frå politikk, næringsliv og interesseorganisasjonar. Foto: Bente Bondhus, Nasjonal rassikringsgruppe
Last ned bilde

Lenker

Om Nasjonal rassikringsgruppe

Nasjonal rassikringsgruppe

Leikanger

http://www.skredsikring.no

Nasjonal rassikringsgruppe ble vedtatt opprettet i et eget møte under Nasjonal rassikringskonferanse i Tromsø, 14. mai 2001, da med representanter fra de 7 mest rasutsatte fylkene. Oppland ble medlem i 2014 og Sør-Trøndelag i 2015, og gruppen har dermed medlemmer fra 9 fylker som etter fylkestingsvalgene hver oppretter én representant.

Gruppens mål er at alle offentlige veger i Norge skal være sikret mot ras innen år 2030. Det argumenteres for dette ovenfor bevilgende myndigheter gjennom deltakelse i høringer i Stortingets Transport- og kommunikasjonskomite, dialogmøter med statsråd og departement og skriftlige uttalelser blant annet i etterkant av budsjettframlegg. I tillegg prøver vi å tilegne oss informasjon fra relevante fagetater og gjør befaringer rundt omkring i medlemsfylkene for å gjøre oss kjent med aktuelle problemstillinger knyttet til rassikring av veg.

Følg saker fra Nasjonal rassikringsgruppe

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonal rassikringsgruppe på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nasjonal rassikringsgruppe

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom