Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Møre og Romsdal må førebu seg på meir nedbør og regnflaumar

Del

Kommunane i Møre og Romsdal vil i framtida få større utfordringar med flaum, skred, havnivåstiging og overvatn. Det syner den nye klimaprofilen for fylket som vert overlevert fylkesutvalet i dag.

- I Møre og Romsdal vil klimaendringane særlig føre til behov for tilpassing knytt til større flaumar, fleire skred, havnivåstigning og stormflo, kraftig nedbør og auka problem med overvatn, seier Dagrun Vikhamar Schuler, klimaforskar i NVE/Norsk Klimaservicesenter.

Fortset klimagassutsleppa å auke som no, vil vi ved slutten av hundreåret få:

  • meir kraftig nedbør: oftare og meir intenst. Dette vil gje større utfordringar med handtering av overvatn.
  • fleire og større regnflaumar. I alle vassdrag som reagerer raskt på nedbør, men òg i større vassdrag vert eit klimapåslag på minst 20 % på utrekna flaumvassføringar tilrådd.
  • auka fare for jord-, flaum- og sørpeskred som følgje av auka nedbørmengder. Auka aktsemd er viktig.
  • auka stormflonivå grunna havnivåstigning

Kunnskap er nøkkelen

Klimaendringane kan bidra til større øydelegging på infrastruktur og eigedom. For å redusere framtidige skadar må kommunane gjennomføre klimatilpassingstiltak.

- Klimakunnskapen må inn i arealplanlegginga. Kommunane må styre arealbruken bort frå fareområde. Dette er det beste og mest effektive verkemiddelet for å førebyggje skadar frå flaum, stormflo og skred på ny busetnad, seier NVEs regionsjef Brigt Samdal.

Hendingar med kraftig nedbør er venta å auke vesentleg både i intensitet og hyppigheit. Det tyder at utfordringane med overvatn vert større enn i dag.

- I Møre og Romsdal, der store delar av befolkninga er konsentrert langs små og store elvar og i skredutsette område, er det difor særleg viktig å planleggje godt. Bygningar og viktig infrastruktur må plasserast i tilstrekkeleg avstand til flaumfarlege bekkar og elvar. Bekkar og vassvegar bør haldast opne – og ikkje leggast i røyr – både med omsyn til flaumavleiing og vassdragsmiljø, seier Samdal.

Klimaprofil Møre og Romsdal

Klimaprofilen gjer kunnskap om klimaendringar lettare tilgjengeleg for planleggjarar på kommunalt og regionalt nivå.

Klimaprofilen finn du her
https://klimaservicesenter.no/faces/desktop/article.xhtml?uri=klimaservicesenteret/klimaprofiler/klimaprofil-møre-og-romsdal

Norsk Klimaservicesenter, eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Norges vassdrags- og energidirektorat, UNI Research og Bjerknessenteret, har gjeve ut rapporten «Klima i Norge 2100». Basert på rapporten er det no lagd ein Klimaprofil for Møre og Romsdal. Klimaprofilen gjev ei kortfatta samanfatting av klimaet og forventa klimaendringar.

Pressekontakt

Spørsmål knytt til klimaendringane for Møre og Romsdal:
Dagrun Vikhamar Schuler, klimaforskar i NVE/Norsk Klimaservicesenter
Mobil: 402 22 214

Hanne Heiberg, klimaforskar ved Meteorologisk Institutt/Norsk Klimaservicesenter
Mobil: 936 31 686

Spørsmål om konsekvensar og tiltak for dei enkelte kommunane i Møre og Romsdal:
Brigt Samdal, regionsjef NVE region vest
Mobil: 907 48 238

Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom