Samferdselsdepartementet

Mogleg å utvide rushtidstilbodet på Østfoldbanen

Del
- Regjeringa vil gjere togtransport meir attraktivt i og mellom dei store byområda. Eg er oppteken av at dei reisande skal få eit betre togtilbod. Difor bad eg tidlegare i år Jernbanedirektoratet om å sjå på moglegheitene for å utvide rushtida på Austlandet. Vi skal no gå igjennom vurderinga frå Jernbanedirektoratet, som tilrår å auke rushtidtilbodet noko, ikkje minst på Østfoldbanen, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Foto: Olav Heggø
Foto: Olav Heggø

Jernbanedirektoratet fekk i mars i år i oppdrag å sjå nærmare på moglegheita for å utvide togtilbodet med høgare frekvens i større deler av driftsdøgnet enn i dag, primært gjennom ei utviding av rushtidsperioden på Austlandet. Bakgrunnen var den sterke auken i talet på togreiser dei siste åra, og framskrivingar for folkeveksten som indikerer behov for eit styrkt togtilbod i åra framover.

Vurderingane til Jernbanedirektoratet hat tatt utgangspunkt i eksisterande infrastruktur og dagens togmateriell. I arbeidet har Jernbanedirektoratet hatt dialog med Bane NOR og Vy. Rapporten viser at tilbodsforbetringane kan tre i kraft delvis i 2020 og i 2021.

- Vi vil no gå gjennom rapporten med sikte på å utvide tilbodet til dei pendlande, seier Dale.

Rapporten er lagt ved saka.

For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet (kvardagar kl. 08-16)

Bilder

Foto: Olav Heggø
Foto: Olav Heggø
Last ned bilde

Dokumenter

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye