Kulturminnefondet

Millionstøtte til kulturminne i Rogaland

Del

13 eigarar i Rogaland kan gleda seg over 2,2 millionar kroner i støtte til sine kulturminne gjennom Kulturminnefondets første tildelingar i år.

Taubana på fjellgarden Åse blei bygd i 1957. Eigar ynskjer å formidle bruken av taubana for å fortelle om den betydinga ho har hatt. Taubanene strekker seg bratt over frå Nes og opp til garden Åse der den har vert ein del av forutsetningane for å kunne drive garden. Kulturminnefondet gjev 216.000 kroner til arbeider på taubana. (Foto: Privat/Frå søknad)

Kulturminnefondet har slutta med ei årleg søknadsfrist, og gjev no støtte til kulturminne over heile landet kontinuerleg i 2019.

I årets første kvartal er det behandla 488 søknader, der det er søkt om 220 millionar kroner til saman. 283 prosjekt har blitt gjeve støtte, men ei samla sum på nesten 58 millionar kroner.

- Dei seinare åra har tilskota frå Kulturminnefondet til private eigarar av verneverdige kulturminne blitt dobla. Kulturminnefondet sikrar viktige kulturminne over heile landet på ein effektiv og målretta måte. Å ta var på kulturarven er godt for miljøet, det gjer lærdom om historia vår, og det skapar aktivitet og arbeidsplassar over heile landet, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Det er svært gode tilbakemeldingar på løypande behandling av søknadar frå private eigarar som vil setje i stand sine kulturminne, og tida Kulturminnefondet brukar på saksbehandling har gått kraftig ned.

- Innføringa av løypande søknadsbehandling har skjedd etter forslag frå eigarane av kulturminna. Eg er svært tilfreds med at det no fører til enklare søknadsbehandling og raskare saksbehandlingstid, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Lista over dei som har fått støtte i Rogaland:

(Prosjekt, søker, kommune, tilskot)

  • Høyland 152, Elin Waldeland, Hå, 100.000
  • Naust på Ulvanes, Sissel Eldholm, Vindafjord, 120.000
  • Olav Kyrres gate 10, Anne Gro Bauer-Nilsen, Haugesund, 85.000
  • Ytterdører/utgangsdører, Borettslaget Seehusensgate 50 A, Stavanger, 39.000
  • Frøystadveien 21A, Atle Brokjøb, Stavanger, 100.000
  • Langgaten AS, Thor Arne Lie, Haugesund, 440.000
  • Solli gård, Tom Arne Solli, Sokndal, 217.000
  • Jøssingfjord Redskapsbod/Hønsehus, Knut Henrik Dagestad, Sokndal, 32.000
  • Fasade og utarbeider Jelsagata 74, Jone Staalesen, Stavanger, 414.000
  • Erling Skjalgssons gate 19, tak, Valery Glazkov, Haugesund, 136.000
  • Nye vinduer- villa på Eiganes, Annika Torsteinbø, Stavanger, 10.000
  • Taubane - Åse gard, Nils Leirflåt, Hjelmeland, 216.000
  • Kongsgata 34, Ola Helland, Stavanger, 250.000

Bildetekst

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Taubana på fjellgarden Åse blei bygd i 1957. Eigar ynskjer å formidle bruken av taubana for å fortelle om den betydinga ho har hatt. Taubanene strekker seg bratt over frå Nes og opp til garden Åse der den har vert ein del av forutsetningane for å kunne drive garden. Kulturminnefondet gjev 216.000 kroner til arbeider på taubana. (Foto: Privat/Frå søknad)
Taubana på fjellgarden Åse blei bygd i 1957. Eigar ynskjer å formidle bruken av taubana for å fortelle om den betydinga ho har hatt. Taubanene strekker seg bratt over frå Nes og opp til garden Åse der den har vert ein del av forutsetningane for å kunne drive garden. Kulturminnefondet gjev 216.000 kroner til arbeider på taubana. (Foto: Privat/Frå søknad)
Last ned bilde

Lenker

Om Kulturminnefondet

Kulturminnefondet
Kulturminnefondet
Bergmannsgata 17
7374 Røros

73 10 36 00http://www.kulturminnefondet.no

Kulturminnefondet er et lavterskeltilbud og en rendyrket tilskuddsordning for private eiere av verneverdige kulturminner. Vi skal bidra til at et mangfold av kulturminner og kulturmiljøer bevares, så de kan benyttes som grunnlag for framtidig opplevelse, utvikling og verdiskaping.

For å få støtte må eier søke oss. Midlene blir fordelt gjennom vedtak gjort av Kulturminnefondets styre.

Les mer på våre nettsider.

Følg saker fra Kulturminnefondet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturminnefondet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Kulturminnefondet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom