Posten Norge

Mellom bakkar og fjord

Del

Å køyre post langs Noregs djupaste fjord og bratt opp til den høgaste garden i kommunen er ikkje berre berre. Vi var med Bente Teigen på jobb.

Postbod Bente Teigen tar bilete frå arbeidsdagen og deler på Facebook. Foto: Birger Morken/Posten Norge
Postbod Bente Teigen tar bilete frå arbeidsdagen og deler på Facebook. Foto: Birger Morken/Posten Norge

VIK I SOGN: 585 høgdemeter skiljer Grønli gard og verdas tredje lengste fjord, Sognefjorden, som held fram 1305 meter nedover i mørket på det djupaste. I fjor vinter låg det heile 1,55 meter snø på flatmark rundt garden. Postbud Bente Teigen er glad ho har firehjulstrekk på postbilen.

På Facebook
Vik kommune i Sogn og Fjordane byr på storslått natur, men er du postbod her må du og rekne med overraskingar «rundt neste sving». Fire damer pluss vikarar og tilkallingshjelp deler på tre og ei halv rute. 

– Eg likar å ta mobilbilete av det vakre, men også utfordrande landskapet eg jobbar i og leggje dei ut på «Vi i Posten og Bring»-sida på Facebook. Postfolka er med og gir «likes», og vi får eit innblikk i arbeidsdagen til kvarandre. Men eg legg ikkje berre ut glansbilete. Styggvêr og irriterande opplevingar som innestengde postkassar, høyrer også med.

Usikker på framtida
Bente stortrivast som postbod. Ho likar å sortere sjølv, på namn, men no i månadsskiftet oktober/november er det slutt på den lokale sorteringa.

– Eg er uroleg for kva som skjer med avdelinga og jobben min. No misser Posten aviskjøringa på laurdager. Vi i distriktA har færre molegheiter til ny jobb enn dei som bur meir sentralt. Ved å ta bilete og leggje dei ut på Facebook har jeg laga meg ein måte å få noko positivt inn i eigen jobbkvardag, fortel ho.

Bente har opplevd fleire dramatiske hendingar opp igjennom åra. Det er eit område med stor rasfare, stein i vegbanen, stengde vegar og særs utfordrande vintervêr. Hun fortel og om då ho så vidt slapp unna flommen og om kollisjonen ho hadde med ein buss sist vinter. Bente og ein kollega som var under opplæring kom heldigvis uskada frå det.

Gardskjerring
Etter tre år med pendling flytta Svelvik-dama Bente til Vik og sambuaren sin gard for 30 år sidan. Tre år seinare byrja ho hos Posten i Vik. Trebarnsmora er utdanna landbruksagronom og var «gardskjerring» og landbruksavløysar i fleire år.

Vi var med Bente på ruta ein august-dag med 24 varmegrader, og Sognefjorden låg aldeles stille. Turen gjekk langs steile fjellveggar på smale vegar, gjennom tunnelar, innom Feios og lokalbutikken, forbi nokre av de sju kyrkjene i kommunen og ut i ope landskap med Fresvik kai som fast stopp.

– Det finst vel ikkje nokon betre stad å ta lunsjen på i dag, seier ho og peikar utover fjorden mot nokre niser.

Postbilen, Citroen Berlingoen, står parkert ved sida av «lunsjbordet».

– Eg lika godt Caddyen (Volkswagen) og var skeptisk til å bytte bil. Men då eg såg bokstavane på bilskiltet - BT - var alt i orden, seier Bente og ler.

Tekst og foto: Birger Morken

KORT OM VIK I SOGN:

Befolkning 2 700

Vikøyri, tettstad med 1 176 innbyggjarar

Sognefjorden, Noregs lengste (205 km) og djupaste fjord (1 308 m)

Sju kyrkjer

Verdas einaste gamalostmeieri 

Kontakter

Bilder

Postbod Bente Teigen tar bilete frå arbeidsdagen og deler på Facebook. Foto: Birger Morken/Posten Norge
Postbod Bente Teigen tar bilete frå arbeidsdagen og deler på Facebook. Foto: Birger Morken/Posten Norge
Last ned bilde
Vik i Sogn. Foto: Birger Morken/Posten Norge
Vik i Sogn. Foto: Birger Morken/Posten Norge
Last ned bilde
F.v. Aud Johanne Haugshagen, Jorunn Hammershagen Hønsi, Bente Teigen, Liv Irene Husebø og Edith Alice Halset. Foto: Birger Morken/Posten Norge
F.v. Aud Johanne Haugshagen, Jorunn Hammershagen Hønsi, Bente Teigen, Liv Irene Husebø og Edith Alice Halset. Foto: Birger Morken/Posten Norge
Last ned bilde
Bente Teigen tar pause på Fresvik kai. Foto: Birger Morken/Posten Norge
Bente Teigen tar pause på Fresvik kai. Foto: Birger Morken/Posten Norge
Last ned bilde

Om Posten Norge

Posten Norge
Posten Norge
Biskop Gunnerusgate 14
0185 Oslo

23 14 90 00http://www.postennorge.no
Posten Norge AS er et nordisk post- og logistikkonsern som utvikler og leverer helhetlige løsninger innenfor post, kommunikasjon og logistikk, med Norden som hjemmemarked. Konsernet møter markedet med to merkevarer, Posten og Bring: Posten kjennetegner tilbudet til privatkunden, postkontornettet og den daglige postdistribusjonen til hele det norske folk. Bring retter seg mot bedriftskunder innen post og logistikk i Norden, og består av spesialister med spisskompetanse innenfor hvert sitt område.

Følg saker fra Posten Norge

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Posten Norge på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Posten Norge

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom