Landbruks- og matdepartementet

Meld. St. 6 (2016-2017): Styrker verdiskapinga i skog- og trenæringa

Del

– Betre tilgong til kapital frå det statlege Investinor, skal fremje ivesteringar i skogindustrien. – Ei eiga ordning for utbetring av flaskehalsar til hinder for effektiv tømmertransport på offentlege vegar. – Bygging av langt fleire skogsbilvegar og tømmerkaier for meir kostnadseffektive transportar. – Auka krav til bioinnblanding i drivstoff fram mot 2020. – Satsing på forsking og innovasjon. – Generelle skatteletter i tråd med skatteforliket

Dette er hovudgrepa i Regjeringas skogpolitikk. I dag la Regjeringa fram melding til Stortinget: "Verdiar i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring".  Tiltaka Regjeringa foreslår vil gje billigare transport av tømmer og skogprodukt, og det vil auke lønnsemda i foredlingsindustrien.

Råstoff frå skog er grunnlag for ei rekkje fornybare produkt. Det er gjennom lønsam vidareforedling av norsk tømmer at sektoren kan gi størst positive bidrag til sysselsetjing og eit grønt skifte i økonomien. Potensialet for produktutvikling og innovasjon er stort. Vidare kan skogen gi viktige bidrag i klimaarbeidet gjennom opptak av CO2, lagring av karbon i ulike treprodukt, og gjennom å erstatte fossil energi.  

–        Denne regjeringa har innført skogpolitikken på ny. Næringa sjølv har vore tydelege på at infrastukturen i skogen er jobb nummer ein. Vi har frå før dobla tilskotta, og vil vidareføredenne satsinga. Hovudmålet med meldinga er å leggje til rette for auka verdiskaping frå skogen og konkurransedyktige verdikjeder, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Investinor - betre kapitaltilgang

Billigare transport av råstoff til industrien, slik meldinga legg opp til,styrkar konkurransekrafta til foredlingsbedriftene. Lønsame skog- og trebedrifter er ein føresetnad for sysselsetjing og auka vidareforedling av eige tømmer i Noreg, som igjen er sentralt for enda større bidrag frå sektoren i grønt skifte og omstillinga i norsk økonomi. God tilgong til kapital er viktig for investeringar i naudsynt omstilling i eksisterande bedrifter og i nye. Endring av vedtektene for Investinor, slik at midlar avsett til investeringar i skogindustri også kan investerast i mogne ikkje-børsnoterte bedrifter, byggjer opp under dette.

Må sjølv ta eit ansvar

–        No blir det opp til næringa å nytte rammevilkåra og sjølv ta ansvaret for bedriftsutvikling og industrialisering, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.Dei viktigaste tiltaka for dette er å betre infrastrukturen i skogen, legge til rette for meir effektiv transport av tømmer og skogprodukt og fremje investeringar i lønsam skogindustri. Det legg denne meldinga opp til, seier Dale.

Om meldinga

Meldinga Verdiar i vekst har eit verdikjedeperspektiv, og byggjer på hovudtrekka i skogpolitikken og dei skogpolitiske verkemidla, slik dei går fram av tidlegare meldingar til Stortinget og dei årlege budsjettproposisjonane. Meldinga tek òg utgangspunkt i klimaforlika inngått i Stortinget, tidlegare avklaringar av forholdet mellom næring og miljø, og regjeringas politikk for vidare utvikling av eit omstillingsdyktig og mangfaldig næringsliv. 

Med grunnlag i skogressursane omtalar meldinga berekraftig skogbruk, effektiv transport frå skog til industri, konkurransedyktig og verdiskapande foredlingsindustri og forsking og innovasjon i skogsektoren. 

Meldinga peiker på moglegheitene som ligg i ein aktiv bruk av skogressursane, og omtalar tiltak som kan fremje verdiskaping og eit grønt skifte i økonomien, der "bioøkonomi" står sentralt. 

Tiltaka omfattar blant anna vidare utvikling av infrastrukturen i skogbruket, kartlegging og utbetring av flaskehalser for tømmer- og godstransport i det offentlige vegnettet, betre tilgang på kapital til industrietableringar, aktiv bruk av skogen i klimasamanheng, og samhandling mellom offentlege verkemidlar og private miljøomsyn med sikte på styrka miljøomsyn i eit berekraftig skogbruk.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Pb 8007 Dep.
0030 Oslo

22 24 92 50https://www.regjeringen.no/no/dep/lmd

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hovudansvar for mat- og landbrukspolitikken. Det omfattar arealforvalting, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket.

Følg saker fra Landbruks- og matdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruks- og matdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Landbruks- og matdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom