Samferdselsdepartementet

Meir pengar til byutvikling i Trondheim

Del
- Vi må sikre betre framkome og meir miljøvennlege transportløysingar i dei store byane. Derfor er det meir pengar til viktige prosjekt i ny Miljøpakke Trondheim. No opnar vi for tidlegare anleggsstart på Nydalsbrua (Sluppen bru), finansiering av MetroBussen og pengar til prosjekt for både kollektivtransport, sykkel, gange og veg, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Miljøpakke Trondheim trinn 3 bygger på den eksisterande Miljøpakka. Målet med pakka er at veksten i persontransporten i Trondheim skal takast med kollektivtransport, sykkel og gange, det såkalla nullvekstmålet. Miljøpakka er ein viktig del av bymiljøavtale med Trondheim som vart signert for eit år sia. (lenke til PM)

- Regjeringa følgjer opp lovnaden om betre framkome for kollektivreisande, gåande og syklande i dei største byområda. Dette nyt Trondheim også godt av, seier samferdselsministeren.

I revisjonen av Miljøpakke Trondheim blir innkrevjingsperioden av bompengar, utvida med fem år, til 2029, etter ønske frå lokale styresmakter  Takst- og rabattsystemet blir endra, mens plasseringa av bomstasjonane blir som før.

Som ein del av bymiljøavtalen skal staten og kommunen/fylkeskommunen ta halvparten kvar av utgiftene til MetroBussen. Dei auka inntektene i Miljøpakka gjer det mogleg for kommunen og fylkeskommunen å finansiere sin del av MetroBussen. Miljøpakke Trondheim er  også eit viktig bidrag for at Trondheim skal få eit samanhengande nett av gang- og sykkelveg i byen.

- Ny Miljøpakke betyr meir pengar til utbygging av infrastruktur i Trondheim. Nydalsbrua er eit etterlengta prosjekt og vi opnar no for at prosjektet kan forskoterast i Miljøpakken. Da får prosjektet tidlegare anleggsstart og det kan kanskje opna for trafikk allereie i 2022, seier Solvik-Olsen.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye