Samferdselsdepartementet

Meir fleksible rabattordningar i ferjesektoren

Del
- Regjeringa ønskjer å gjere det så enkelt som mogleg å ferdast i trafikken. Ved overgangen til AutoPASS-ferjekort frå januar i år opplevde mange at dei har mista gode rabattordningar. Det har aldri vore meininga. Derfor bed eg no Statens vegvesen om å betre fleksibiliteten og dermed gi like gode rabattordningar med AutoPASS-ferjekort som tidlegare praksis med verdikort, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Samferdselsministeren har bede Statens vegvesen om å betre fleksibiliteten og dermed gi like gode rabattordningar med AutoPASS-ferjekort som tidlegare praksis med verdikort. Foto: Olav Heggø
Samferdselsministeren har bede Statens vegvesen om å betre fleksibiliteten og dermed gi like gode rabattordningar med AutoPASS-ferjekort som tidlegare praksis med verdikort. Foto: Olav Heggø

I januar i år blei AutoPASS for ferje innført, med mellom anna AutoPASS-ferjekort for betaling på ferjer. AutoPASS-ferjekort erstattar verdikort og storbrukarkort. Kortet er knytt til køyretøyet. Eit hushald kan ha to bilar per kort. Praksis med verdikort var at desse korta vart nytta på ein meir fleksibel måte, som eit ihendehavarkort. Mange opplever overgangen som ei skjerping av rabattreglane.

Særleg idrettslag og transportørar har klaga på ordninga, som fører til at dei må betale inn større forskot enn tidlegare for å oppnå rabattar.

No skal Statens vegvesen sjå om det er mogeleg å gjere AutoPASS-ferjekorta så like verdikorta som mogleg. Rabattane er dei same som tidlegare.

- Vi ønskjer òg at innføringa av brikkebetaling skal skje så fort som mogeleg, derfor skal Statens vegvesen sjå på korleis dei kan gjere det raskare enn planlagt. Samstundes er det viktig at næringstransporten får gode vilkår langs norske vegar. Derfor må dei få høve til å få same rabatt med meir fleksible betalingsmåtar, seier samferdselsministeren.

Nøkkelord

Bilder

Samferdselsministeren har bede Statens vegvesen om å betre fleksibiliteten og dermed gi like gode rabattordningar med AutoPASS-ferjekort som tidlegare praksis med verdikort. Foto: Olav Heggø
Samferdselsministeren har bede Statens vegvesen om å betre fleksibiliteten og dermed gi like gode rabattordningar med AutoPASS-ferjekort som tidlegare praksis med verdikort. Foto: Olav Heggø
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye