Kulturminnefondet

Meir enn sju millionar kroner i støtte til kulturminne i Hordaland

Del
Kulturminnefondet delte i år ut over 100 millionar kroner i støtte til kulturminne over heile landet, og sju av desse gjekk til Hordaland.
Stiftelsen til ivaretagelse av Fridtjof Sundts Musikkhall og Kjeglebane fekk 580.000 kroner frå Kulturminnefondet til den heilt spesielle bygninga på Skorpo i Os. Harald Nævdal (t.v.) og Tom Tellefsen gleder seg til det igjen blir liv her. (Foto: Linda C. Herud/Kulturminnefondet)
Stiftelsen til ivaretagelse av Fridtjof Sundts Musikkhall og Kjeglebane fekk 580.000 kroner frå Kulturminnefondet til den heilt spesielle bygninga på Skorpo i Os. Harald Nævdal (t.v.) og Tom Tellefsen gleder seg til det igjen blir liv her. (Foto: Linda C. Herud/Kulturminnefondet)

I alt 39 prosjekt fekk 7,2 millionar til saman. Frå Hordaland kom det 88 søknadar på nesten 28 millionar kroner. 

Gjennom dei siste åra har mengda søknadar til Kulturminnefondet auka mykje, og vi er med på å redde fleire kulturminne enn nokon gang over heile Norge.

- Kulturminnefondet er eit lågterskeltilbod for private eigarar, og vi arbeider heile tida med å forenkle prosessen med å søke. Den store auka i talet på søknadar tyder at vi er på rett veg i dette arbeidet, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Han er også glad for at Regjeringa har styrka Kulturminnefondet med auka løyvingar, som gjer det mogleg å støtta fleire gode tiltak over heile landet.

Løpande søknadsfrist

Tidlegare har Kulturminnefondet hatt ei årleg søknadsfrist, men det er det slutt på. Frå 2019 blir det laupande søknadsfrist, og private eigarar av verneverdige kulturminne kan søke om støtte kva tid som helst.

Allereie nå er det mogleg å sende inn ein søknad for 2019, men ingen vedtak blir gjort før vi skriv 2019.

Desse prosjekta i Hordaland fekk støtte i år:

Prosjektnamn, søkjarnamn, kommune, tilsegnsbeløp

  • Kvernhus på Ikeland, Kjersti Linn Hopland, Lindås, 300.000
  • AMY VII, Ralph Wilson, Os , 300.000
  • Steinmur i Mjeldalen, Lars Sveinung Lid, Osterøy, 180.000
  • Løo på Berget, Ivar Miljeteig, Kvinnherad, 240.000
  • Teglpipe ved Samnanger fabrikker, Safa Eiendom AS , Samnanger, 600.000
  • Trudvang Ungdomshus, Granvin Ungdomslag , Granvin, 111.000
  • Knøsesmauet 2, Mads Stalheim Bergli, Bergen, 500.000
  • Fridtjof Sundts musikkhall og kjeglebane, Stiftelsen til ivaretakelse av Fridtjof Sundts Musikkhall og Kjeglebane, Os, 580.000
  • Mikalsgarveriet på Rundhovda, Inger Marie Rundhovde, Osterøy, 300.000
  • Fana Ungdomshall-tak, Fana Ungdomslag, Bergen, 400.000
  • Hausdalen Gård, Arild Kraavik og Kari J Kraavik, Bergen, 270.000
  • Løe på Lilletveit, Marianne Lilletveit, Kvam, 200.000
  • Skifertak sveitserbolig Freim, Kjartan Huus, Odda, 153.000
  • Jordalsvegen 7B - skifertak, Trond Fjæra, Odda, 130.000
  • Lemstove i Hardanger, Jorid Lekve Eide, Ulvik, 230.000
  • Skifertak bustadhus, Jon Askeland, Ullensvang, 178.000
  • Evanger prestagard, Halldis Folkedal og Gudrun Folkedal, Voss, 100.000
  • Skostredet 3, Pallas Eiendom AS, Bergen, 400.000
  • Nye seil til galeasen Loyal, Galeasen Loyal , Bergen, 125.000
  • Steingard Florsviken, Øvre-Eide Gård, Bergen, 38.000
  • Kvernhus Røldal, Kjell Inge Knutsen, Odda, 120.000
  • Herand Bedehus, Herand Indremisjonsforeining, Jondal, 39.000
  • D/S Stavenes - bysseovn, Veteranskibslaget Stavennes , Bergen, 75.000
  • Nytt tak på Steinbuen Snero, Ellen Hagelsteen, Eidfjord, 40.000
  • Løe Nedre Eikeland 2, Eva Ragnhildstveit, Fusa, 50.000
  • MS Sunnhordland, HSD Sunnhordland AS , Stord, 100.000
  • Tak på Kvitahuset 2, Hjelmås, Steinar Lilletvedt, Lindås, 26.000
  • Klostergaten 8, Sameiet Klostergaten 8 , Bergen, 82.000
  • Grindverkslåve Hamrenesvegen, Lene Solhaug , Osterøy, 130.000
  • Melkebrønn Tertnesflaten, Bjarte Haugsvær, Bergen, 64.000
  • Oa - løetak, Eva Maria Førde, Sveio, 15.000
  • Amalie Skramsv.5, Sameiet Amalie Skramsvei. 5 , Bergen, 100.000
  • Murverk på løe, Gunnlaug Røsbø Skår, Stord, 125.000
  • Kråkenesveien 20, Nina Hetland Børresen, Bergen, 62.000
  • Kunstnarheimen Sævelid 100 år, Liv Bernhoft Osa, Voss, 60.000
  • Nytt tak på Nøtlevåg meieri, Nøtlevåg meieri , Radøy, 120.000
  • MS Hamen - mannskapsmesse, Stiftelsen MS Hamen, Bømlo, 60.000
  • Jordkjellar på Fjellanger, Terje Fjellanger, Lindås, 75.000

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Stiftelsen til ivaretagelse av Fridtjof Sundts Musikkhall og Kjeglebane fekk 580.000 kroner frå Kulturminnefondet til den heilt spesielle bygninga på Skorpo i Os. Harald Nævdal (t.v.) og Tom Tellefsen gleder seg til det igjen blir liv her. (Foto: Linda C. Herud/Kulturminnefondet)
Stiftelsen til ivaretagelse av Fridtjof Sundts Musikkhall og Kjeglebane fekk 580.000 kroner frå Kulturminnefondet til den heilt spesielle bygninga på Skorpo i Os. Harald Nævdal (t.v.) og Tom Tellefsen gleder seg til det igjen blir liv her. (Foto: Linda C. Herud/Kulturminnefondet)
Last ned bilde

Om Kulturminnefondet

Kulturminnefondet
Kulturminnefondet
Bergmannsgata 17
7374 Røros

73 10 36 00http://www.kulturminnefondet.no

Kulturminnefondet er en statlig tilskuddsordning for private eiere av verneverdige kulturminner og kulturmiljøer. Tilskuddsordningen skal bidra til å øke innsatsen fra eiere og næringsliv for å ta vare på kulturminner, og til bevaring og bruk av kulturminner og kulturmiljøer for opplevelse, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

For å få støtte må eier søke oss. Det er styret i Kulturminnefondet som forvalter midlene, og treffer vedtak om tildeling av tilskudd.

Følg pressemeldinger fra Kulturminnefondet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturminnefondet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturminnefondet

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye