Medietilsynet

Medietilsynet meiner NRK leverte eit solid allmennkringkastingstilbod i 2018

Del
Medietilsynet meiner NRK leverte et solid tilbod som oppfyller samfunnsoppdraget i 2018, men allmennkringkastaren oppfylte heller ikkje i fjor krava til program for unge på samisk og nynorskdel. – NRK har styrkt programtilbodet sitt på samisk for unge, og det er grunn til å forvente at kravet blir oppfylt i år. For nynorskdelen er det framleis eit stykke fram, så her bør innsatsen styrkast, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
NRK oppfylte i det store og det heile forpliktingane sine som allmennkringkastar i fjor, sjølv om allmennkringkastaren ikkje oppfylte krava til program for unge på samisk og nynorskdel. Foto Medietilsynet
NRK oppfylte i det store og det heile forpliktingane sine som allmennkringkastar i fjor, sjølv om allmennkringkastaren ikkje oppfylte krava til program for unge på samisk og nynorskdel. Foto Medietilsynet

NRK har som offentleg finansiert allmennkringkastar eit breitt og omfattande samfunnsoppdrag og skal tilby innhald for heile befolkninga på alle medieplattformer. NRK skal legge vinn på å tilføre innhaldet sitt auka samfunnsverdi samanlikna med tilbodet frå kommersielle medieaktørane.

Det er Medietilsynets ansvar å vurdere om NRK leverer i samsvar med oppdraget, og no er altså vurderinga av 2018 klar. – Vi vurderer at NRK i det store og det heile oppfylte forpliktingane sine som allmennkringkastar i fjor. NRK klarer å sameine krava om å bidra til fordjuping og innsikt med kravet om å nå ut til heile befolkninga ved å ta opp samfunnsaktuelle og smalare tema på ein måte som engasjerer og treffer breitt, seier Velsand.

To brot i 2018

Medietilsynet konkluderer likevel med brot på to av forpliktingane til NRK. Det eine brotet gjeld kravet om jamlege program på samisk for målgruppa unge, som er ungdom i aldersgruppa 13 til 19 år. Det er tredje året på rad NRK ikkje sender tilstrekkeleg med eigne program for unge på dei samiske språka gjennom heile året.

– Vi ser likevel ei positiv utvikling, og frå andre halvår 2018 hadde NRK Sápmi fått på plass jamlege program for ungdom på samisk. Medietilsynet legg derfor til grunn at dette kravet blir oppfylt i år, seier Velsand.

NRK klarte heller ikkje å oppfylle kravet til 25 prosent nynorsk på radio og nett i 2018, mens kravet til nynorsk ble oppfylt på tv. Allmennkringkastaren har i fleire år hatt utfordringar med å oppfylle kravet til nynorskdel på alle medieplattformar, men auka i 2018 bruken av nynorsk både på radio og tv frå året før. Nynorskdelen på nett er vesentleg lågare og har i dei siste åra lege på 16 prosent. – Det er bra at nynorskbruken har auka på radio og tv, men NRK må styrke innsatsen på nett for å nå kravet om 25 prosent, seier Mari Velsand.

Nye allmennkringkastingskrav for NRK

2018 er det første året NRK leverer på sitt nye, utvida allmennkringkastingsoppdrag.
Det inneber at NRK har eit sjølvstendig ansvar for å bidra til det norske mediemangfaldet, regionalt og nasjonalt, og det er tydeleggjort at NRKs tilbod i hovudsak skal vere av redaksjonell karakter. Det særskilde beredskapsansvaret til NRK er dessutan tatt inn i allmennkringkastingsoppdraget. I tillegg er nokre av dei tidlegare krava skjerpte, for eksempel er krava til delen norsk musikk som blir spelt i NRK P1, NRK P2 og NRK P3 auka frå 35 til 40 prosent. Dei nye krava kom inn i vedtektene til NRK då dei blei endra i tråd med den nye NRK-plakaten Stortinget vedtok for to år sidan.

Allmennkringkastingsoppdraget er formelt gitt i NRK sine vedtekter, der NRK-plakaten er tatt inn i sin heilskap og utdjupa med meir detaljerte krav til allmennkringkastingsverksemda.
– Krava i vedtektene ligg til grunn for Medietilsynets vurdering og tilsyn med korleis NRK oppfyller oppdraget sitt. 2018 er det første året Medietilsynet har vurdert NRK etter dei nye vedtektene, seier Velsand.

– NRKs rammer og rolle bør jamleg diskuterast

I den nye mediestøttemeldinga foreslår regjeringa ein modell med fireårig styringssignal for dei økonomiske rammene både for NRK og den direkte mediestøtta. I tilknyting til at dei fireårige styringssignala skal fastsetjast, vil regjeringa også vurdere korleis NRKs verksemd påverkar kommersielle medium og det totale medietilbodet til publikum og behov for eventuelle endringar i allmennkringkastingsoppdraget.

– NRKs rammevilkår og rolle bør jamleg vurderast og diskuterast. Dette er viktig og nødvendig både for å sikre at NRK oppfyller oppdraget sitt og når ut til den norske befolkninga med eit breitt innhald, og for å unngå at NRK i vesentleg grad innskrenkar konkurransen for kommersielle medium som opererer i same marknad, seier Velsand.

Du kan lese heile allmennkringkastingsrapporten for 2018 her

Om NRKs allmennkringkastingstilbod i 2018

• NRK bidrar til det norske mediemangfaldet gjennom å oppfylle allmennkringkastingsoppdraget og gjennom å legge til rette for samarbeid med andre medieaktørar
• NRK hadde høg kvalitet og god tematisk og sjangermessig breidde i innhaldstilbodet
• Kravet til at NRKs innhald skal vere ei kjelde til innsikt, refleksjon, oppleving og kunnskap, er godt tatt hand om
• NRK oppfyller det styrkte kravet om å spele minst 40 prosent norsk musikk i NRK P1, NRK P2 og NRK P3 med god margin
• NRK oppfyller kravet om å tilby kulturstoff for både breie og smale grupper inklusiv eigne kulturprogram. NRK oppfyller også krava om å formidle norsk drama og film og til å stimulere norske produksjonsmiljø
• NRK har hatt sportssendingar som dekker både breidda i norsk idrettsliv og store idrettshendingar, inklusive idrettsutøvingane til dei funksjonshemma
• NRK har gjennom eit breitt nyheits- og aktualitetstilbod belyst og gitt utfyllande bakgrunnsstoff i nyheitsdekninga, og NRK arbeider på tvers i organisasjonen for å styrke den undersøkande journalistikken. Nyheitstilbodet var også retta mot ulike aldersgrupper der N17 er eit nytt nyheitstilbod for ungdom
• NRK oppfyller krava til lokalt nærvær og innhaldsproduksjon og har distriktssendingar alle kvardagar
• NRK vekslar mellom program for breie og smale grupper og har sendt program for nasjonale og språklege minoritetar
• NRK oppfyller kravet om 25 prosent nynorsk på tv, men ikkje på radio og nett 
• NRK har daglege program for den samiske befolkninga og bidrar gjennom programtilbodet sitt til å styrke samisk språk, identitet og kultur. NRK oppfyller kravet om jamlege program for barn på samisk, men bryt kravet om jamlege program for unge på samisk
• NRK oppfyller krava til å fremme retten barna har til ytringsfridom og informasjon, og har daglege norskspråklege program for barn under tolv år. NRK oppfyller også kravet om å ha jamlege norskspråklege program for unge
• NRK arbeider systematisk og godt med universell utforming av innhaldstilbodet sitt og har eit breitt tilbod til syns- og høyrselshemma i 2018

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

NRK oppfylte i det store og det heile forpliktingane sine som allmennkringkastar i fjor, sjølv om allmennkringkastaren ikkje oppfylte krava til program for unge på samisk og nynorskdel. Foto Medietilsynet
NRK oppfylte i det store og det heile forpliktingane sine som allmennkringkastar i fjor, sjølv om allmennkringkastaren ikkje oppfylte krava til program for unge på samisk og nynorskdel. Foto Medietilsynet
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye