Medietilsynet

Medietilsynet meiner media si rolle må få ein meir sentral plass i grunnskulens læreplanar

Del
Medietilsynet meiner kritisk medieforståing og media si rolle som meiningsberar må få større plass i dei nye læreplanane for grunnskulen. – Når elevane lærer å reflektere kritisk over truverdigheiten og påverknadskrafta i ulike mediebodskap, blir det enklare for dei å navigere i eit stadig meir komplekst medielandskap, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Medietilsynet meiner kritisk medieforståing er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. Vi meiner derfor det er viktig å lyfte fram dette området når grunnskulen sine læreplanar no skal reviderast. Foto Pixabay
Medietilsynet meiner kritisk medieforståing er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. Vi meiner derfor det er viktig å lyfte fram dette området når grunnskulen sine læreplanar no skal reviderast. Foto Pixabay

Kritisk medieforståing inneber å ha eit medvite forhold til det medieinnhaldet vi konsumerer, liker og deler.

– Kritisk medieforståing er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. Vi meiner derfor det er viktig å lyfte fram dette området når grunnskulen sine læreplanar no skal reviderast, seier Mari Velsand. Ho påpeiker at skulen bør leggje til rette for at dei unge får reflektere rundt kva som verkar meiningsdannande på oss i ei tid der vi er storkonsumentar av både redigert og uredigert, kommersiell og redaksjonell, sann og usann informasjon.

Dei unge synest det er vanskeleg å følgje med i nyheitsbiletet

I Medietilsynets nye undersøking om befolkninga si kritiske medieforståing meiner over halvparten av befolkninga at media si dekning er viktig for kva dei vil stemme ved det komande valet.

Undersøkinga viser også at 16 – 20-åringane synest det er vanskelegare å følgje med i nyheitsbiletet samanlikna med befolkningsgjennomsnittet. Dei unge bruker færre kjelder for å forstå ei nyheitssak, og mindre tid på den «dagsordensetjande delen» av mediet som innanriksnyheiter, næringsliv og lokalstoff enn gjennomsnittet i befolkninga. Sosiale medium er ein viktige nyheitskanal for mange unge, og dei bruker mykje tid på medium med ikkje-redaksjonelt og utanlandsk innhald.

– Funna stadfestar kor viktig det er at unge lærer å reflektere kritisk rundt truverdigheiten og påverknadskrafta i ulike mediebodskap så tidleg som mogeleg, slik at dei utviklar ein kritisk medieforståing, seier Velsand.

Kritisk medieforståing skal inn i dei nye læreplanane

Sidan førre høyringsrunde i 2018 har digitale kunnskapar, kritisk tenking og refleksjon fått ein meir sentral plass i dei nye læreplanane. Det gjeld særleg læreplanane for norsk og samfunnsfag.

– Medietilsynet synest dette er svært positivt, og vi er opptekne av at desse utbetringane blir behaldne når nye høyringsinnspel no skal innarbeidast, seier Velsand.

Les meir om fornyinga av lærarplanane for grunnskulen på regjeringa sine sider.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Medietilsynet meiner kritisk medieforståing er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. Vi meiner derfor det er viktig å lyfte fram dette området når grunnskulen sine læreplanar no skal reviderast. Foto Pixabay
Medietilsynet meiner kritisk medieforståing er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. Vi meiner derfor det er viktig å lyfte fram dette området når grunnskulen sine læreplanar no skal reviderast. Foto Pixabay
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye