Mattilsynet

Mattilsynet friskmelder Lærdalselvi for Gyrodactylus salaris

Del
Mattilsynet friskmelder Lærdalselvi i Sogn og Fjordane etter at dei siste prøvene viser at lakseyngelen i elva er fri for lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Dette er første gong ei elv er friskmeld etter å ha blitt behandla med aluminiumsmetoden i kombinasjon med små mengder rotenon.
Fra venstre: Anne Karin Hamre (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane), Vidar Helgesen (klima- og miljøminister) og Geir Jakobsen (Mattilsynet). Foto: Eivind Røhne.
Fra venstre: Anne Karin Hamre (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane), Vidar Helgesen (klima- og miljøminister) og Geir Jakobsen (Mattilsynet). Foto: Eivind Røhne.

- Dette er ein stor dag. Laksen i elva er fri for Gyrodactylus salaris og neste år kan folk igjen fiska i denne populære elva, sa Geir Jakobsen i Mattilsynet då han overrekte friskmeldingsvedtaket til Klima- og miljøminister Vidar Helgesen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre.

Friskmeldinga viser at strategien med å nytte aluminiumsmetoden i kampen mot parasitten har vore ein suksess.

- Vi har no fått eit nytt verktøy i kampen mot Gyrodactylus salaris, som tek livet av parasitten, medan fisken overlever. Dette lover veldig bra for den vidare kampen mot parasitten, seier direktør Ellen Hambro for Miljødirektoratet.

Gyrodactylus salaris vart oppdaga i Lærdalselvi i 1996. Sidan den gong er det gjort fleire behandlingar for å avgrense smitten, slik at parasitten ikkje har blitt påvist i nokon andre elver i Sognefjorden.

Hald elva gyrofri

For at Lærdalselvi skal halde seg fri for Gyrodactylus salaris, må alle som bruker elva gjere sitt for å hindre at parasitten kjem tilbake.

– Alle må hjelpe til. Ein må ikkje flytte fisk inn i vassdraget. Fiskeutstyr og anna utstyr som vert brukt i fleire vassdrag, må anten tørkast eller desinfiserast. Langs elvene er det utstyr for å desinfisere. Bruk det, oppmodar Geir Jakobsen i Mattilsynet.

Det er forbode å flytte fisk mellom elvar og vatn i Noreg, også mellom ulike delar av det same vassdraget. Sidan parasitten kan overleve fleire dagar i frie vassmasser, må du dessutan vere forsiktig med å flytte vatn mellom vassdrag.

Omfattande arbeid

Friskmeldinga av Lærdalselvi er eit resultat av eit omfattande arbeid med metodeutvikling, planlegging og gjennomføring av behandlingar, der fleire fagmiljø har vore involvert. Miljødirektoratet har det overordna ansvaret for å motverke parasitten, og har finansiert metodeutviklinga og dei kjemiske behandlingane.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane var ansvarleg for tiltaket då elva vart behandla i 2011 og 2012. Norsk institutt for vannforskning (NIVA) – saman med Veterinærinstituttet og fleire samarbeidspartnarar – behandla elva med aluminium.

Dei siste fem åra har Veterinærinstituttet på oppdrag frå Mattilsynet gjennomført eit friskmeldingsprogram i vassdraget for å dokumentere at behandlingane utrydda parasitten frå lakseelva. Det har vore undersøkt til saman 2155 lakseungar fordelt på 23 stasjonar frå vandringshinderet i Sjurhaugfossen til utløpet i fjorden.

– No som alle prøvene viser at lakseungane er frie for Gyrodactylus salaris, er det ei sann glede å anbefale for Mattilsynet at den berømte lakseelva vert friskmeld, seier forskar Sigurd Hytterød ved Veterinærinstituttet, som er prosjektleiar for friskmeldingsprogrammet.

Ny metode

Tidleg på 2000-tallet gjorde forskarar frå Veterinærinstituttet, NIVA og Universitetet i Oslo eit forsøk med Gyrodactylus salaris og vatn tilsett små mengder aluminium ved elvebreidda i Lærdal. Feltforsøket var den spede byrjinga på utviklinga av ein metode for å fjerne parasitten frå lakseungar, utan å ta livet av fisken i prosessen.

Metoden vart utvikla vidare med finansiering frå Miljødirektoratet. Lærdalselvi har vore sentral i utviklinga av det som no blir omtala som aluminiumsmetoden.

Ved bruk av aluminiumsmetoden vert rennande vatn behandla med aluminiumsulfat, det vil seie hovudelva, sideelver og dei fleste småbekkar i vassdraget. Dammar og vassførekomstar som det er vanskelig å kome til, har vorte behandla med rotenon.

– Nøye tilmålt aluminiumkonsentrasjon fjernar parasitten. Å overføre dette frå laboratorietesting til eit laksevassdrag har vore ei stor utfordring, men friskmeldinga av Lærdalselvi viser at vi har klart å få til dette, seier seniorforskar Atle Hindar i NIVA.

Han understrekar at behandlingane blei gjennomførte med stor innsats og støtte frå Elveeierlaget i Lærdal, Østfold Energi, Lærdal kommune og Lærdalsvener.

Den lokale laksestammen er forsterka

Den lokale laksestammen har blitt forsterka med rogn frå levande genbank. Arbeidet vart leia av Veterinærinstituttet, med god støtte frå lokale aktørar og Ljøsne klekkeri.

– Gytebestandsmålet er oppnådd i Lærdalselvi. Fordi den genetiske breidda frå genbanken no er tilbakeført, vert arbeidet avslutta i 2018, seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Som følge av friskmeldinga i 2017, og at gytebestandsmålet er oppnådd, vurderer Miljødirektoratet å endre fiskereglane i vassdraget.

Bilder av Lærdalselva, laks og Gyrodactylus salaris til fri bruk

Mot eit gyrofritt Noreg

Dei nasjonale tiltaka mot lakseparasitten har vore ein langvarig kamp med nokre tilbakeslag. Det står i dag berre att to regionar som ikkje er behandla; Driva-regionen og Drammens-regionen.

I Driva-regionen er det bygt ei fiskesperre. I Drammens-regionen vert det greidd ut om det er mogleg å fjerne parasitten i regionen.  

Fakta: Gyrodactylus salaris

  • Ca. 0,5 millimeter stor lakseparasitt som angrip lakseyngel i ferskvatn.
  • Introdusert til Noreg gjennom innførsel av framand laks og regnbogeaure, minst fire gongar.
  • Stor trusselfaktor mot norske laksebestandar-. Kampen mot parasitten har difor høg prioritet, tiltak har i betydeleg grad redusert utbreiinga. Utrydding medfører også at risikoen for smittespreiing til nye område vert redusert.
  • Parasitten har ført til årlege inntektstap på 200-250 millionar kroner, som fram til i dag har kosta Noreg tre til fire milliardar kroner.
  • I Noreg har parasitten vore påvist i totalt 50 vassdrag, fordelt på 17 smitteregionar.
  • I dag er 32 vassdrag friskmelde. 7 vassdrag står att som infiserte; fire i Driva-regionen og tre i Drammens-regionen.
  • Mattilsynet har ansvaret for å overvake, førebygge og setje inn tiltak for å avgrense spreiing av smitte.
  • Miljødirektoratet har ansvaret for tiltak for å utrydde parasitten, bevare laksebestandane, samt bygge opp att bestandane etter behandling.
  • Fylkesmannen i den respektive smitteregionen er tiltakshavar for behandlingsaksjonar mot parasitten, samt bevaring og reetablering av fiskebestandane.
  • Veterinærinstituttet er nasjonalt kompetansesenter for genbank for villaks og for kjemiske tiltak mot parasitten, og er internasjonalt referanselaboratorium. Dei gjennomfører behandling og program for overvaking, friskmelding og reetablering av fisk på oppdrag for Mattilsynet og Miljødirektoratet.
  • NIVA har sidan midten av 2000-talet vore leiande på skånsame behandlingsmetodar mot Gyrodactylus salaris. Aluminiumsmetoden er eit nytt verktøy.

Les meir:

Kontakt

Mattilsynet: seniorrådgjevar Geir Jakobsen, telefon: 918 14 333

Miljødirektoratet: seniorrådgjevar Anne Kristin Jøranlid, telefon: 975 42 352

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: seniorrådgjevar John Anton Gladsø, telefon: 482 25 890

Veterinærinstituttet: forskar Sigurd Hytterød, telefon: 920 57 318

NIVA: seniorforskar Atle Hindar, telefon: 905 16 045

Bilder

Fra venstre: Anne Karin Hamre (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane), Vidar Helgesen (klima- og miljøminister) og Geir Jakobsen (Mattilsynet). Foto: Eivind Røhne.
Fra venstre: Anne Karin Hamre (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane), Vidar Helgesen (klima- og miljøminister) og Geir Jakobsen (Mattilsynet). Foto: Eivind Røhne.
Last ned bilde
Den populære Lærdalselvi er igjen fri for parasitten Gyrodactylus salaris, og neste år kan ein igjen fiske etter laks her. (Foto: Anders Gjørwad Hagen, NIVA)
Den populære Lærdalselvi er igjen fri for parasitten Gyrodactylus salaris, og neste år kan ein igjen fiske etter laks her. (Foto: Anders Gjørwad Hagen, NIVA)
Last ned bilde

Om Mattilsynet

Mattilsynet
Mattilsynet
Felles postmottak - postboks 383
2381 Brumunddal

22 40 00 00https://www.mattilsynet.no

Mattilsynet er eit statleg, landsdekkjande forvaltingsorgan som er med på å sikre forbrukarane trygg mat og trygt drikkevatn. Vi skal fremje folke-, plante- , fiske- og dyrehelse, miljøvennleg produksjon og etisk forsvarleg hald av fisk og dyr. Mattilsynet har også oppgåver i høve til kosmetikk og legemiddel og fører tilsyn med dyrehelsepersonell.

Mattilsynet sine roller er å utarbeide framlegg til, forvalte og rettleie om regelverk, føre eit risikobasert tilsyn, formidle informasjon og kunnskap og ha beredskap. Mattilsynet skal gi faglege råd til Landbruks- og matdepartementet, Nærings-og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Mattilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Mattilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Mattilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye