Mattilsynet

Matsminke brukt på tunfisk i stort omfang

Del
Ulovleg bruk av matsminke avdekka i 1 av 5 prøvar av tunfisk tatt av Mattilsynet.
Tunfisken vert ulovleg farga raud for å sjå ferskare ut. Kunden vert svindla, og farginga kan skjule høge nivå av histamin som kan gje allergiske reaksjonar.
Tunfisken vert ulovleg farga raud for å sjå ferskare ut. Kunden vert svindla, og farginga kan skjule høge nivå av histamin som kan gje allergiske reaksjonar.

- Det kundane trur er fersk tunfisk av høg kvalitet, kan dermed vise seg å vere eit produkt av dårleg kvalitet. I tillegg kan den innehalde høgt nivå av histamin som kan gi kraftige allergiske reaksjonar, seier Lise Rokkones, seksjonssjef i Mattilsynet.

Internasjonal aksjon

Funn av matsminka tunfisk vart gjort i samband med Mattilsynet og Tolletaten si deltaking i den årlege aksjonen til Europol retta mot matkriminalitet – OPSON VII.

Aksjonen i år var spesifikt retta mot ulovleg bruk av tilsetningsstoff i tunfisk sidan det er avdekka omfattande svindel med tunfisk i EU dei siste åra. Kvar veke vert det ete ca. 5 millionar måltid med sminka tunfisk. Det utgjer 25 000 tonn årleg, og svindelen er verdt ca. 2 milliardar kroner.

– Det er viktig å stoppe svindel med mat. Det øydelegg marknaden for alle dei som er ærlige og følger reglane. Dessutan kan matsvindel utsette forbrukarane for helserisiko, seier Rokkones.

Mistanke om ulovleg karbonmonoksid i 6 av 31 prøver

Noreg deltok saman med 10 andre europeiske land i aksjonen koordinert av Europol.

31 prøvar av fersk og frosen tunfisk vart tatt ut frå grensekontrollstasjon, grossistar, butikkar og restaurantar over heile landet. Prøvane vart analysert for karbonmonoksid, histamin, nitritt, nitrat og fargestoff.

To av tunfiskprøvane hadde ein mistenkeleg raudfarge, og viste seg å ha høge verdiar av karbonmonoksid. I ytterlegare fire prøvar var det mistanke om ulovleg bruk av karbonmonoksid.

Karbonmonoksid blir brukt for å gi tunfisken ein frisk raudfarge, slik at den ser ferskare ut enn den er. Sjølv om stoffet ikkje er vurdert som helseskadeleg, er det ulovleg å bruke som tilsettingsstoff sidan det kamuflerar dårleg kvalitet og mogeleg høge nivå av histamin.

Tunfisken var ikkje helsefarleg

Histamin kan utvikle seg over tid i tunfisk ved ugunstige lagrings- og hygienetilhøve. Høge nivå av histamin i mat, kan gi kraftige allergiske reaksjonar hos menneske.

- Det vart heldigvis ikkje påvist høgt nivå av histamin i nokon av prøvane. Derfor var det ikkje helsefare knytt til desse produkta. Like fullt er det brukt ulovlege stoff i tunfisken, og kundane er villeia om kvaliteten på produktet, seier Rokkones.

Utbrot på grunn av histaminforgifting er sjeldan i Noreg men aukar i EU. I 2017 fekk 150 personar i Spania histaminforgifting etter å ha ete ulovleg behandla tunfisk.

Teikn på at tunfisken er sminka

Frisk raudfarge på tunfisken treng ikkje vere eit teikn på at fisken er fersk. Har tunfisken ein unaturleg raudfarge, kan det bety at den er behandla med ulovlege stoff som betrar fargen på ei råvare av dårleg kvalitet.

- Som forbrukar bør ein også vere bevisst på at ein får det ein betalar for. For gode tilbod kan gi grunn til mistanke, seier Rokkones.

Mattilsynet fylgjer opp

Mattilsynet har informert verksemder og importørar om funna, og vil sjå til at forholda blir fylgd opp.

Det meste av tunfisken som blir innført i Noreg, kjem frå Asia, men det vart også påvist høgt nivå av karbonmonoksid i tunfisk frå Spania.

- Sidan karbonmonoksid er tilsett fisken før den kjem til Noreg, er det fyrst og fremst importørane som blir fylgd opp. Importørane er ansvarlege for å sikre at varene dei tar inn i landet er lovlege å omsette.

Det er fatta vedtak om omsetningsforbod og tilbaketrekking av varer. Vidare er verksemdene sine rutinar for sporing av varer er gjennomgått.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Tunfisken vert ulovleg farga raud for å sjå ferskare ut. Kunden vert svindla, og farginga kan skjule høge nivå av histamin som kan gje allergiske reaksjonar.
Tunfisken vert ulovleg farga raud for å sjå ferskare ut. Kunden vert svindla, og farginga kan skjule høge nivå av histamin som kan gje allergiske reaksjonar.
Last ned bilde

Dokumenter

Lenker

Om Mattilsynet

Mattilsynet
Mattilsynet
Felles postmottak - postboks 383
2381 Brumunddal

22 40 00 00https://www.mattilsynet.no

Mattilsynet er eit statleg, landsdekkjande forvaltingsorgan som er med på å sikre forbrukarane trygg mat og trygt drikkevatn. Vi skal fremje folke-, plante- , fiske- og dyrehelse, miljøvennleg produksjon og etisk forsvarleg hald av fisk og dyr. Mattilsynet har også oppgåver i høve til kosmetikk og legemiddel og fører tilsyn med dyrehelsepersonell.

Mattilsynet sine roller er å utarbeide framlegg til, forvalte og rettleie om regelverk, føre eit risikobasert tilsyn, formidle informasjon og kunnskap og ha beredskap. Mattilsynet skal gi faglege råd til Landbruks- og matdepartementet, Nærings-og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Mattilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Mattilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Mattilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye