Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Mange tiltak mot flaum- og skred i vest

Del
I 2018 sluttførte NVE 41 sikringstiltak i heile landet. I vest var det overlevering av fleire ferdige sikringsanlegg til kommunar som vart råka av flaumen i 2014. Alle tiltaka vert no presentert i Årsrapport for utførte sikrings- og miljøtiltak 2018.

Sikringstiltak som gjer at folk bur tryggare for naturfarar som flaum og skred, er svært viktige oppgåver for oss i NVE, seier fungerande vassdrags- og energidirektør Anne Britt Leifseth.

Region Vest har dei siste åra hatt fleire større flaumhendingar. Sidan flaumen i oktober 2014 er det arbeidd med sikringstiltak i Flåmselvi i Aurland kommune, Opo i Odda kommune og Granvinselva i Granvin herad. Desse vart ferdige og overlevert til kommunane våren 2018.

Regionen arbeider med tiltak i Storelva i Utvik i Stryn kommune, etter ekstrem nedbør og stor flaum sommaren 2017.

Flaumen i Mørkrids- og Fortunselva i Luster kommune i oktober 2018 førte til stor erosjon langs vassdraga. Dette gjorde det nødvendig å sette i verk krisetiltak fleire stader.  Holvikelva skapte overfløymingar i Sandane sentrum i Gloppen kommune. Det er no sett i gang arbeid for å førebygge mot framtidige erosjons- og flaumskadar der.

I tillegg til at det er utført tiltak både i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er det også løyvd tilskot til ei rekke tiltak mot steinsprang og jordskred i regionen.

NVE Region Vest har, saman med Lærdal kommune, forvaltningsplan for Lærdalsvassdraget under arbeid, i tillegg til fleire utgreiingar/forprosjekt for sikringstiltak langs ulike vassdrag i regionen.

Om NVEs sikringstiltak

NVE forvaltar dei statlege midlane til sikringstiltak mot flaum, erosjon og skred, og til miljøtiltak i vassdrag. I 2018 vart det brukt om lag 332 millionar kroner i statlig bistand til slike tiltak. I dette beløpet inngår også distriktsandelen, dvs. andelen på normalt 20% som kommunane eller grunneigaren må dekke.

Det er NVEs fem regionkontor; Region Sør i Tønsberg, Region Øst i Hamar, Region Vest i Førde, Region Midt i Trondheim og Region Nord i Narvik som står for saksbehandling, planlegging og gjennomføring av sikrings- og miljøtiltaka.

Les meir og sjå bilete av dei ulike sikringstiltaka i NVEs Årsrapport for utførte sikrings- og miljøtiltak 2018


Kontaktpersonar:

Fung. Vassdrags- og energidirektør, Anne Britt Leifseth, 91705811

Fung. Seksjonssjef , Martin C. Brittain, 90686713

Seniorrådgjevar, Anne Haugum, 22959292

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye