Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Trontveitåna kraftverk i Nissedal kommune i Telemark

Del
NVE gjev Vest-Telemark Kraftlag AS løyve til å byggje Trontveitåna kraftverk i Nissedal kommune i Telemark. Kraftverket vil produsere om lag 3,6 GWh årleg. Det svarar til straumbruken til om lag 180 husstandar.

NVE legg vekt på at kraftverket vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar. Verknadene er primært knytt til moglege konsekvensar for storaure og ei bekkekløft med lokal verdi. NVE meiner ulempene kan avgrensast ved å sette krav om at kraftstasjonen må flyttast noko lenger opp, og med vilkår om minstevassføring. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Trontveitåna kraftverk.

Les meir om Trontveitåna kraftverk

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt

tlf: 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Steinar Pettersen      

tlf: 22 95 94 03

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye