Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til tre små kraftverk i Hjelmeland kommune i Rogaland

Del

NVE har handsama tre kraftverksøknadar i Hjelmeland kommune i Rogaland. NVE gjev løyve til Sagåna, Kreppingdalen og Øvre Ullestadåna kraftverk.

Dei tre kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 26 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 1300 husstandar.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Landskap og naturmangfald har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta.

For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. For Øvre Ullestadåna kraftverk har vi gitt konsesjon til et alternativ hvor kraftstasjonen er flyttet til oppstrøms kote 330. For Sagåna kraftverk er minstevannføringen i Sagåna økt til 30 l/s.

Les meir om kvart enkelt kraftverk på nve.no:

Kontaktpersonar
Sakshandsamar Eline Nordseth Berg, tlf. 22 95 92 10
Sakshandsamar Tor Carlsen, tlf. 22 95 93 93
Seksjonssjef Øystein Grundt, 22 95 93 89 / 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom