Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til tre og avslag til tre vasskraftverk i kommunane Tromsø og Balsfjord i Troms

Del

Lavangselva, Vasselva og Reipkrokelva kraftverk har fått løyve, medan Leirbukta, Smalak og Mellomdalelva kraftverk har fått avslag.

Dei tre kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 25 GWh straum i året. Dette svarar til straumbruken til om lag 1250 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve ytterlegare 25 GWh/år. Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftprosjekta.

I vedtaket om Leirbukta kraftverk har NVE lagt vekt på at ei utbygging av dei to elvene Leirbuktelva og Rastelva ville gjeve negative landskapsmessige konsekvensar i eit verdifullt område for friluftsliv. I vedtaka om Mellomdalelva og Smalak kraftverk har høvet til reindrift vore avgjerande for at desse to kraftverka har fått avslag.

For Lavangselva, Vasselva og Reipkrokelva kraftverk har mellom anna reindrift, biologisk mangfald og samiske kulturminner vore sentrale tema. NVE meiner at for desse tre kraftverka er verknadane akseptable gitt avbøtande tiltak.

Det er gjeve konsesjon til dei tre kraftverka NVE meiner har minst innverknad på allmenne interesser.

Les meir om Reipkrokelva kraftverk

Les meir om Smalak kraftverk

Les meir om Lavangselva kraftverk

Les meir om Vasselva kraftverk

Les meir om Leirbukta kraftverk

Les meir om Mellomdalelva kraftverk

Kontaktpersonar: 

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Tord Solvang, tlf 22 95 92 48

Sakshandsamar Brit T. Haugen, tlf.: 22 95 95 95

Sakshandsamar Dag Kjellevold, tlf.: 22 95 94 56

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Isgang i Namsen22.4.2018 14:41Pressemelding

NVE følger isgangen i Namsen tett, og har folk på stedet. Gjennomstrømming av vannet, samt videre vær og temperatur avgjør om det vil bli ytterligere flomproblemer i og langs vassdraget. NVE vil komme med mer informasjon når dette er avklart og observasjoner er gjort langs vassdraget. - Vi har isganger hver vår. Det er dramatisk når isen løsner, og isen stopper ofte opp og demmer opp vann underveis. Ofte ordner elva dette selv, da renner vannet under eller forbi, og smeltinga gjør at isen på nytt settes i bevegelse, sier regionsjef i NVE, Kari Øvrelid. Kontaktpersoner: Regionsjef Kari Øvrelid, tlf: 95 46 49 60 Flomvarslinga: tlf. 404 36 000 (ikke sms) Pressetelefon (ikke sms): 48 99 76 67

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom