Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til to og avslag til to småkraftverk i Flå

Del

NVE har handsama fire kraftverksøknader i Flå kommune i Buskerud. NVE gjev løyve til Nedre Grøslandselva og Tungremmen kraftverk, medan Øvre Grøslandselva og Gyltebekken kraftverk får avslag.

Dei to kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 19,8 GWh i eit middels år. Det svarar til straumbruken til om lag 1000 husstandar. Prosjekta som fikk avslag kunne samla gitt om lag 17,5 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Biologisk mangfald har vore eit sentralt tema i NVE si vurdering av prosjekta. Både Øvre Grøslandselva og Gyltebekken kraftverk ville ha påverka områder med særs høge verdiar. NVE kan ikkje sjå at det er råd å avbøte negative verknader tilstrekkeleg for desse to prosjekta.

NVE har gjeve konsesjon til dei kraftverka som gjev minst konflikt med ålmenne interesser, og som samstundes vil bidra til auka produksjon av fornybar energi. For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve.

Småkraft AS ha søkt om løyve til Øvre og Nedre Grøslandselva kraftverk og Gyltebekken kraftverk., medan Tungremmen kraftverk er eit grunneigarprosjekt.

Les meir om kraftverka:

Nedre Grøslandselva

Øvre Grøslandselva

Tungremmen kraftverk

Gyltebekken kraftverk

Kontaktpersonar:
Sakshandsamar Dag Kjellevold, tlf. 917 59 965
Seksjonssjef Øystein Grundt, 22 95 93 89 / 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom