Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til to og avslag til eitt småkraftverk i Odda

Del
NVE gjev løyve til Tokheimselva kraftverk og Nedre Seljestadelva kraftverk, medan Øvre Seljestadelva kraftverk får avslag. Seljestadelva er en del av det verna Opovassdraget. Alle kraftverka ligg i Odda kommune i Hordaland.

Dei to kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 32,6 GWh straum i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 1600 husstandar. Prosjektet som fekk avslag kunne ha gjeve 6,7 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka.

For Tokheimselva kraftverk har verknader på landskap, friluftsliv og samla belastning vore viktige tema i NVE si vurdering. Det same har tilhøvet til vassforsyninga til Boliden.

Opo m/Låtefoss vart varig verna gjennom Verneplan I (1973), og for Øvre og Nedre Seljestadelva kraftverk har derfor tilhøvet til vassdragvernet vore eit viktig tema i NVE si vurdering. Verknadane på landskap og naturmangfald har også vore viktig i vurderinga av desse to prosjekta.

NVE meiner at ei utbygging av Øvre Seljestadelva kraftverk vil redusere enkelte landskapselement og dermed svekke verneverdiane i vassdraget.

For Nedre Seljestadelva kraftverk har NVE lagt vekt på at vassuttaket er lågt, og at ei utbygging i liten grad vil føre til ytterlegare belastingar på landskapet langs elva.

NVE har gjeve løyve til kraftverka som vi meiner gjev minst negative konsekvensar for allmenne interesser, og som ikkje svekker verneverdiane, og samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi. For å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til kvart av prosjekta som har fått løyve.

Les meir om kvart enkelt løyve/avslag:                 

Øvre Seljestadelva kraftverk

Nedre Seljestadelva kraftverk

Tokheimselva kraftverk

Kontaktinformasjon

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 90 19 82 16/22 95 93 89

Sakshandsamar Anne Johanne Rognstad, tlf. 22 95 94 45

Sakshandsamar Erlend Støle Hansen, tlf. 22 95 98 26

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye