Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Stensrud kraftverk

Del

NVE gjev Øderud Fossekompani AS løyve til å byggje Stensrud kraftverk i kommunane Modum og Øvre Eiker i Buskerud. Kraftverket vil produsere om lag 2,55 GWh årleg. Det svarer til straumbruken til om lag 130 husstandar.

Stensrud kraftverk vil nytte eit fall på ca. 22 m i Bingselva mellom inntak på kotehøgde ca. 87 og kraftstasjon på kotehøgde ca. 66. Vassvegen på om lag 190 meter er planlagt som nedgrave røyr.

NVE legg vekt på at kraftverket vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar. Verknadene er primært knytt til redusert vassføring og mogelege konsekvensar for fisk og eventuelle førekomstar av elvemusling. NVE meiner desse ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om mellom anna tilstrekkeleg minstevassføring og utforminga av inntaket. Tiltaket er etter vår vurdering ein del dyrare enn samanliknbare prosjekt, men gitt avgrensa ulemper for allmenne interesser er ikkje dette gjeve avgjerande vekt.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Stensrud kraftverk.

Les meir om Stensrud kraftverk

Kontaktpersonar:

Sakshandsamar Marte Lundsbakken, tlf. 22 95 90 38
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom