Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Somrungen kraftverk og avslag til Gryta kraftverk

2.12.2015 09:00 | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Del

NVE gjev løyve til Somrungen kraftverk i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil produsere omlag 11,1 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 555 husstandar.

Somrungen kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon.

Ein føresetnad for løyvet er vassveg i tunnel på det meste av utbyggingsstrekninga. Det biologiske mangfaldet i området ved kraftstasjonen kan takast i vare ved god detaljplanlegging.


NVE avslår søknaden om å byggje Gryta kraftverk på grunn av konsekvensane for landskapsbilete i Sunndalen og ein rik edellauvskog. Kraftverket ville ha gjeve ein produksjon på 9,1 GWh.


Somrungen og Gryta kraftverk er to av fem søknader i Sunndal kommune som blei sendt på høring samstundes for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadene. NVE har tidlegare gjeve konsesjon til Skrondal kraftverk, og avslått søknadene om Hareima og Torske kraftverk.

For nærare grunngjeving, sjå omtale av sakene på vår nettstad:

Les meir om Somrungen kraftverk

Les meir om Gryta kraftverk


Kontaktpersonar:
Seniorrådgjevar Steinar Pettersen, tlf. 22 95 94 03
Seksjonssjef Øystein Grundt, 22 95 93 89 / 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom