Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til småkraftverk i Steinkjer

Del

NVE gjev Strinde og Bøle Allmenning løyve til å bygge Bøla kraftverk i Steinkjer kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil produsere om lag 5,6 GWh i året. Det svarar til straumbruken til om lag 280 husstandar.

Bøla kraftverk er planlagt i Bøla, som renn ut i Snåsavatnet. I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Bøla kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon, og føre med seg avgrensa negative miljøeffektar.

På den aktuelle strekninga finst naturtypane bekkekløft og meandersving.Begge naturtypane har lokal verdi. NVE meiner at naturtypane berre i avgrensa grad kan bli påverka av ei utbygging av småkraftverket. Det er registrert ein raudlisteart langs elvestrekninga; gubbeskjegg. Arten er ikkje i særleg grad avhengig av fuktigheit frå vassdrag. For å ta best mogeleg vare på naturen i området og avgrense påverknaden på ulike artar, har NVE sett krav om avbøtande tiltak, som til dømes minstevassføring. Eit hyttefelt og eit vinterbeite i Skjækerfjell reinbeitedistrikt ligg innanfor området til tiltaket. NVE har sett krav om tilpassing av anleggsperiode og utforming av anlegg for å ivareta reindrifta i området, og for å redusere landskapsverknader.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Bøla kraftverk.

Les meir om Bøla kraftverk

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt: tlf. 901 98 216
Sakshandsamar Sissel Jakobsen: tlf. 22 95 90 98

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom