Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Silåga kraftverk

Del

NVE gjev Heinbergåga Kraft AS løyve til å bygge Silåga kraftverk i Rana kommune i Nordland. Kraftverket vil produsere om lag 6 GWh årleg. Det svarar til straumbruken til om lag 300 husstandar.

Silåga kraftverk er planlagd i Silåga som er ei sideelv til Grønnfjellåga i Ranavassdraget. NVE gjev konsesjon til bygging av Silåga kraftverk etter alternativ 1. I vedtaket har NVE lagt vekt på at kraftverket vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa ulemper knytt til landskap, naturmangfold og reindrift.

NVE meiner at slipp av minstevassføring frå inntaket i stor grad vil ta vare på den regionalt viktige naturtypen bekkekløft og bergvegg og livsmiljøet i og langs elva og dempe ulempa for landskap og friluftsliv. Anleggsperioden skal avtalast med reinbeitedistriktet og grunneigar som har dyr på beite i prosjektområdet.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Silåga kraftverk etter alternativ 1 på nærare fastsette vilkår.

Les meir om Silåga kraftverk

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Seniorrådgjevar Erik Roland, tlf. 22 95 90 24/913 97 771

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom