Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Reina småkraftverk i Overhalla

Del

NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å byggje Reina kraftverk i Overhalla kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil produsere om lag 6,6 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til omlag 330 husstandar.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og det blir lagt vekt på at ei utbygging av Reina kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon. Kraftverket er planlagd i Reina, med inntak 120 meter over havet og kraftstasjon 30 meter over havet. Vassvegen på om lag 830 meter er planlagd nedgraven på heile strekninga.

Konfliktane er primært knytt til moglege konsekvensar for naturmangfald. Det vert stilt krav om tiltak som skal ta omsyn til laks, sjøaure og ål, mellom anna omlaupsventil i kraftverket. Med avbøtande tiltak vil ei utbygging ha avgrensa effektar for naturmangfaldet. Utbyggingsområdet kan vere utsatt for kvikkleireskred, og det må gjennomførast geotekniske undersøkingar før utbygging kan finne stad.

Les meir om løyve til Reina kraftverk.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, telefon 22 95 93 89/901 98 216, epost oegr@nve.no

Rådgiver Ellen Lian Halten, telefon 22 95 99 18, epost elha@nve.no

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom