Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til ny 132 kV leidning og ny transformatorstasjon i Tysvær i Rogaland

Del
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Haugaland Kraft Nett AS løyve til mindre endringar på tidligare konsesjonsgjevne Haugaland Næringspark transformatorstasjon og 132 kV leidning mellom Klovning og Haugaland Næringspark transformatorstasjonar i Tysvær kommune i Rogaland fylke.

Haugaland Kraft Nett fekk den 5. mars 2015 løyve til å byggje ein ny 66 kV leidning mellom Klovning transformatorstasjon og Haugaland Næringspark transformatorstasjon, og ny Haugaland Næringspark transformatorstasjon. Denne leidningen er endå ikkje bygd, og den no konsesjonsgjevne 132 kV-leidningen vil vere i staden for denne. Den nye leidningen vil vere ca. 7,3 km lang. På strekninga Klovning–Apeland vil dagens 66 kV leidning bli riven og lagt på same masterekke som ny leidning. Innføringa til Haugaland Næringspark vert gitt i traséalternativ 1. 

Grunngjevinga for vedtaket er at det er naudsynt å auke forsyninga til Haugaland Næringspark for å leggje til rette for den planlagde industriutviklinga, og å ta omsyn til Statnett sine framtidige planar i området. Samstundes vil tiltaket leggje til rette for å knyte til ny produksjon dersom dei konsesjonsgjevne vindkraftverka i området blir realisert. Det vil òg vere første steg i auka forsyningstryggleik til Haugesund.

NVE meiner dei omsøkte endringane er fornuftige og at dei vil ha små verknader for ålmenta og naturmangfaldet. Desse verknadene meiner NVE kan avgrensast gjennom avbøtande tiltak.

NVE gir samstundes Haugaland Kraft Nett AS ekspropriasjonsløyve for å krevje naudsynte grunn og rettar for bygging og drift av dei nye tilknytingsleidningane.

NVE sett krav om at Haugaland Kraft Nett skal utarbeide miljø-, transport- og anleggsplan der forholdet til det verna Høievassdraget, kystlynghei og fugl skal omtalast og planen skal godkjennast av NVE før anleggsstart.

Meir informasjon om tiltaka kan finn du på NVE sine nettsider: www.nve.no/kraftledninger

Kontakter

Seksjonssjef: Lisa Vedeld Hammer, 22 95 90 33

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye