Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Nundalselvi kraftverk i Årdal

Del

NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Nundalselvi kraftverk i Nundalselvi i Årdal kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på om lag 14 GWh. Dette tilsvarar forbruket til om lag 700 husstandar.

NVE meiner utbygging av Nundalselvi kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av fornybar energi. Nundalselvi kraftverk vil samtidig kunne gje inntekter til søkar, grunneigarar og kommune, og bidra til lokal verdiskaping.

Tiltaket er planlagt i Nundalselvi, med planlagd inntaksdam om lag ved kote 420 og kraftstasjon ved kote 5, og under føresetnad om tilstrekkeleg minstevassføring. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen vert lagt i fjell i ein 1850 meter lang vassveg lagd med retningsstyrt bora tunnel. Det vert ikkje anlagt veg inn til Nundalen eller langs elva.

NVE har merka seg at tiltaket vil medføre nokre negative verknader for naturmiljøet og landskap, hovudsakelig som følge av redusert vassføring. Elvestrekningen berører naturtypelokaliteten bekkekløft og bergvegg, men fossesprøytpåverka vegetasjon er dårleg utvikla ved dei fleste fossane. Den raudlista arten alm er registrert nedst i dalføret, og potensialet for funn av fleire raudlista artar i tiltaks- og influensområdet er til stades. Etter NVEs vurdering er vegetasjonen mindre betinga av vassføringa i elva enn av topografien og fuktsig frå liene rundt.

Redusert vassføring vil føre til at elva vert mindre markert i landskapet når det er låg vassføring, og landskapsinntrykket vil til ein viss grad tape seg noko. Ved flaum vil det vere vanskeleg å sjå at elva er påverka av kraftproduksjon. Etter NVEs vurdering tilseier topografi og vegetasjon at berre enkelte delar av elva er godt synlig, både for dei som ferdast nært og frå lengre avstandar.

NVE har lagt vekt på at alle tekniske installasjonar skal tilpassast landskapet best mogeleg. NVE har fastsett ei minstevassføring på 150 liter i sekundet i sommarsesongen og 25 liter i sekundet resten av året for å redusere negative verknadar for naturmiljøet, og for å ta vare på opplevinga av landskapet.

NVE vurderer at nytten av tiltaket i form av ny fornybar energiproduksjon er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Nundalselvi kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om Nundalselvi kraftverk

Kontaktpersonar:

Hilde Aass, sakshandsamar, Tlf. 22 95 98 85
Øystein Grundt, seksjonssjef, Tlf. 22 95 93 89

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom