Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Lillesand vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting

25.9.2015 15:16 | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Del

NVE gjev E18 Vindpark AS løyve til Lillesand vindkraftverk i Lillesand kommune, Aust-Agder fylke, med ein installert effekt på inntil 10 MW. NVE gjev samstundes løyve til ein om lag 2,7 km lang 22 kV kraftleidning frå planområdet til eksisterende 22 kV-distribusjonsnett ved Øvre Eikeland.

NVE har lagt vekt på at planområdet er godt egna for vindkraftproduksjon. Etter NVE si vurdering er dei samla fordelane ved etableringa av Lillesand vindkraftverk større enn ulempa tiltaket fører med seg. Lillesand vindkraftverk vil bidra til auka fornybar kraftproduksjon. Vindkraftverket kan årleg produsere om lag 32 GWh ved ei full utbygging. Dei viktigaste negative verknadane av tiltaket er, etter NVE si vurdering knytt til friluftsliv, støy og skuggekast for busetnader.

NVE konstaterer at Lillesand kommune er positive til prosjektet og at tilgrensande Birkenes kommune stiller seg negative til prosjektet. Fylkesmannen i Aust-Agder har ikkje uttala seg til konsesjonsspørsmålet, men har vektlagt verknader for friluftsliv og landskap i si vurdering. Aust-Agder fylkeskommune har ikkje uttalt seg til saka.

Les meir om løyve til Lillesand vindkraftverk

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef: Arne Olsen,  91 54 83 87
Sakshandsamar for vindkraft: Hilde Aass, 91 38 44 19

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom