Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til konsesjonsendringar for ny kraftleidning Magnhildskaret–Svelgen–Ålfoten i Sogn og Fjordane

Del

NVE har gjeve SFE Nett konsesjon til å byggje den tidligare konsesjonsgjevne kraftleidningen 132 kV Ålfoten-Svelgen med stålmaster og duplex-liner. NVE gjev samstundes SFE Nett oreigningsløyve til å utvide rettsbelte med om lag tre meter. NVE har òg gjeve SFE Nett løyve til å gjere mindre tekniske endringar på den tidligare konsesjonsgjevne kraftleidningen 132 kV Magnhildskaret–Svelgen.

Kraftleidningane, som var ein sjølvstendig seksjon av ein større søknad kalla Ny 132 kV ytre ring Nordfjord, fekk endeleg konsesjon av Olje- og energidepartementet den 11. november 2016. Etter at konsesjonen vert gjeve, har overføringsbehovet på leidningen auka. NVE meiner at endringane det no vert gjeve konsesjon til, er naudsynte for å unngå store tapskostnader. 

Etter NVE si vurdering vil ein leidning bygd med stålmaster og duplex-liner bli noko meir synleg i landskapet enn den tidligare konsesjonsgjevne leidningen med tremaster. Samstundes vil leidningen ha lengre spenn og mastepunkta vil kunne byggjast parallelt med 420 kV Ørskog–Sogndal, noko NVE meiner vil bidra til å sikre eit ryddig preg i landskapet.

Les meir om NVE sine vurderingar her.

 

Kontaktpersonar:

Seksjonsleiar Siv Sannem Inderberg
tlf. 22 95 94 38

Sakshandsamar Øistein Løvstad
tlf. 22 95 93 67

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom