Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Klovefoss kraftverk

Del

NVE gjev Skagerak Kraft AS løyve til å byggje Klovefoss kraftverk i Nissedal kommune i Telemark fylke. Kraftverket vil produsere om lag 5 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til ca. 250 husstandar.

I vedtaket legg NVE vekt på at ei utbygging av Klovefoss kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.

Kraftverket er planlagt i Håtveitåi, med inntak 343 meter over havet og kraftstasjon 255 meter over havet. Vassvegen på om lag 665 meter er planlagt nedgraven på heile strekninga. NVE har vurdert tiltaket å medføre relativt små og akseptable ulemper for naturmiljøet. Konfliktane er primært knytt til moglege konsekvensar for landskap. NVE har fastsett ei minstevassføring på 50 liter i sekundet heile året.

NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om mellom anna god landskapstilpassing og minstevassføring. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Klovefoss kraftverk.

Les meir om løyve til Klovefoss her

Kontakpersoner:
Seksjonssjef, Øystein Grundt  tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216
Sakshandsamar, Anne Johanne Rognstad  tlf.: 22 95 94 45

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom