Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til endra trasé for 420 kV-leidningen Nedre Røssåga–Namsos over Namsskogan

26.10.2015 09:00 | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Del

NVE gjev Statnett SF løyve til å byggje og drive om lag 5,7 km 420 kV kraftleidning parallelt med eksisterande 300 kV leidning i traséalternativ A, i staden for langs Nordlandsbanen.

Statnett fekk 23. september 2014 løyve til å spenningsoppgradere 300 kV leidningen Nedre Røssåga–Namsskogan i Nord-Trøndelag. Dei fekk då løyve til å byggje ein om lag 14,5 km lang ny delstrekning mellom Nerfjellet og Sandådalen over Namsskogan, delvis parallelt med Nordlandsbanen.


I ettertid har det blitt klart at ein parallellføring vil påverke jernbanen på ein negativ måte, og det vart naudsynt å leggje om den traséstrekninga som gjekk parallelt med Nordlandsbanen. Det er dette NVE no har gjeve løyve til. NVE meiner endringa vil gje små verknader for allmennheita.



Det nye leidningsstrekket vert lagd parallelt med eksisterande 300 kV leidning inn mot Namsskogan transformatorstasjon. Den om lag 13 km lange eksisterande delstrekning mellom Nerfjellet og Sandådalen på leidningen Marka–Tunnsjødal, skal framleis rivast i tråd med tidlegare vedtak.



Tiltaket er ein del av oppgraderinga av 300 kV-leidningen Nedre Røssåga–Namsos og Namsskogan–Kolsvik til 420 kV, og vil føre til auka forsyningstryggleik i Midt-Noreg, fjerne flaskehalsar i nettet, leggje til rette for ny fornybar energiproduksjon og lette vedlikehald og drift.  



Les meir om saka.



Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør: Rune Flatby, tlf 41678203
Seksjonsleiar: Siv Sannem Inderberg, tlf 90193008
Sakshandsamar: Solveig Willgohs, tlf 22 95 92 45

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom