Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Eikemo og Tøsse kraftverk

Del

NVE gjev løyve til Eikemo og Tøsse småkraftverk, ny transformatorstasjon ved Tøsse og ein omlag 850 meter lang 66 kV kraftleidning for tilkopling til planlagt ny leidning frå Rullestad via Tøsse til Blåfalli. Anlegga ligg på nordsida av Åkrafjorden i Etne kommune i Hordaland.

Samla årleg produksjon for dei to kraftverka vert rundt 24 GWh, noko som svarar til straumbruken til 1 200 husstandar.

NVE legg vekt på at utbygging av Tøsse og Eikemo kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser i driftsfasen. For Eikemo kraftverk legg vi òg vekt på positiv verknad for lokalt næringsliv og busetting.

Søknadene er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Landskap, friluftsliv og turisme har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE meiner det kan gjerast avbøtande tiltak, som god tilpassing til landskapet, minst moglege arealinngrep i anleggsfasen og god istandsetting av anleggsområda, slik at kraftverka får akseptable verknader i driftsfasen.

Transformatorstasjon i same bygg som Tøsse kraftverk, og ein omlag 850 meter lang 66 kV kraftleidning frå transformatorstasjonen fram til planlagt ny leidning frå Rullestad via Tøsse til Blåfalli, er vurdert som ein del av anlegget. Leidningen vil kople både Tøsse og andre småkraftverk ved Åkrafjorden til regionalnettet.

For å ta vare på verdiar knytt til akvatisk miljø, er det sett krav om å sleppe minstevassføring for begge kraftverka.

Med dei fastsette vilkåra, meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Eikemo og Tøsse småkraftverk.

Les meir om Eikemo kraftverk

Les meir om Tøsse kraftverk og kraftleidninga

Kontaktpersonar:

Seksjonsleiar Carsten Stig Jensen, tlf. 22 95 92 90 / 908 50 206

Sakshandsamar for vasskraftverka, Ragnhild Stokker, tlf. 22 95 93 02 / 480 05 630

Sakshandsamar for kraftleidninga, Kristian Marcussen, tlf. 22 95 91 86 / 416 14 040

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom