Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Bjønnebekk kraftverk i Nore og Uvdal

Del

NVE gjev Uvdal Fossekompani AS løyve til å byggje Bjønnebekk kraftverk i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Kraftverket vil produsere om lag 3,3 GWh straum i eit middels år. Dette svarar til om lag 165 husstandar.

Uvdal Fossekompani planlegg å nytte fallet i Bjønnebekk mellom Øvre Bjønnetjønn og utløpet til Uvdalsåe, regulere Øvre og Nedre Bjønnetjønn, pumpe vatn opp i Øvre Bjønnetjønn. Dei vil også overføre Hegnebekk vest til Øvre Bjønnetjønn og ei namnlaus grein av Bjønnetjønn, kalla «Mellombekken» til Nedre Bjønnetjønn. Dei planlegg også å nytte vatn til snøproduksjon.

Hovudproblemstillinga i saka har vore landskap. Etter NVE sitt syn har landskapet oppe på snaufjellet kring Øvre Bjønnetjønn i øvre del av utbyggingsområdet, eit urørt preg. Nedre delar av utbyggingsområdet er i all hovudsak allereie prega av inngrep knytt til alpinanlegget. NVE har difor avslått søknad om overføring av «Mellombekken» til Øvre Bjønnetjønn og regulering av dette vatnet.

Avgrensa utbygging NVE gjev løyve til ei avgrensa utbygging med overføring av Hegnebekk Vest til, Nedre Bjønnetjønn og regulering av dette vatnet med 0,5 m., og å nytte fallet i Bjønnebekk mellom Nedre Bjønnetjønn og utløpet til Uvdalsåe til kraftproduksjon. NVE gir samstundes løyve til uttak av vatn til snøproduksjon. Det er også gjeve pålegg om slepp av minstevassføring på 15 l/s i Bjønnebekk som avbøtande tiltak.

NVE har i vedtaket lagt vekt på at ei slik redusert utbygging vil vera eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Les meir om løyve til Bjønnebekk kraftverk.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216

Rådgivar Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom