Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å utvide og oppgradere Sylling transformatorstasjon

Del
NVE gjev Statnett SF løyve til å utvide og oppgradere Sylling transformatorstasjon i Lier kommune i Buskerud.

Sylling transformatorstasjon er viktig for straumforsyninga i austlandsområdet og for kraftutvekslinga mot Sverige. Stasjonen er gamal, og NVE meiner det er naudsynt å fornye anlegga no.

NVE har mellom anna gitt Statnett løyve til større arealbruk, og til å byggje eit nytt kontrollbygg aust for eksisterande stasjonstomt (plasseringa er vist med gult i kartet under). Dei oppgraderte anlegga blir noko meir synlege enn i dag.

NVE meiner dei største ulempene ved ombygginga, er knytt til anleggsarbeidet. Det er stilt krav om at Statnett skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan før arbeida kan starte.

Les meir Sylling transformatorstasjon.

Kontaktpersonar:

Siv Sannem Inderberg, telefon 901 93 008

Anine Mølmen Andresen, telefon 22 95 98 46

Bilder

Lenker

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye