Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å byggje ny 132 kV-jordkabel Sutterø—Mæla

Del
NVE gjev NTE Nett AS løyve til å byggje og drive ein om lag 2,5 km lang 132 kV jordkabel mellom Sutterø transformatorstasjon og Mæla, og samstundes auka transformatorkapasitet i Sutterø transformatorstasjon. Anlegga ligg i Stjørdal kommune i Trøndelag fylke.

NTE Nett har òg fått løyve til å rive om lag 270 meter av den noverande leidningen Mælafoss—Eidum frå mast 62 og Mælafoss transformatorsatsjon, og løyve til å rive Mælafoss transformatorstasjon. Løyvet er grunngjeve med at det er naudsynt å fornye nettet i Stjørdal for å sikre forsyningstryggleiken i området og leggje til rette for auka forbruk. NVE vurderer at tiltaket ikkje vil gje særskilde nye verknader for miljø- eller arealbruk, og at tiltaket som heilheit vil vere positivt for området då noverande anlegg vert rive. NVE har sett krav om at NTE Nett skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan som skal godkjennast av NVE før anleggstart.

NVE gjev òg NTE Nett ekspropriasjonsløyve til naudsynte grunn for å utføre tiltaket. Ein kan lese meir om tiltaket her: www.nve.no/kraftledninger

Kontaktpersonar:

Seksjonsleiar: Siv Sannem Inderberg, 22 95 94 38

Sakshandsamar: Solveig Willgohs, 22 95 92 45

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye