Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Lovbrotsgebyr til kraftverk i Møre og Romsdal

Del

NVE har gjeve Eidsdal Kraft AS i Norddal kommune i Møre og Romsdal eit lovbrotsgebyr på 700 000 kroner for å ha hatt for stor slukeevne i Eidsdal kraftverk.

Eidsdal kraftverk har i perioden 2015-2018 teke ut meir vatn til kraftproduksjon og installert meir effekt i kraftverket enn det var gjeve løyve til. Høgste vassuttak var 0,6 m3/s eller om lag 16 % større enn det som ligg til grunn i konsesjonen.

- Den maksimale produksjonen var høgare enn det gjeldande løyve tillet, noko NVE ser på som alvorleg. Vi meiner at lovbrotet er grovt og at det difor er riktig å gjere vedtak om lovbrotsgebyr i tillegg til retting, seier Mari Hegg Gundersen, seksjonssjef for NVE sitt miljøtilsyn for vassdragsanlegg.

Det var gjennom handsaming av søknad om godkjenning for ordninga med elsertifikat at NVE avdekka tilhøvet.

-  Elsertifikatordninga har gjeve NVE god oversikt over alle kraftverk som er sett i drift. Ordninga har difor vore ein viktig reiskap for å avdekke ulovleg drift av kraftverk, seier Hegg Gundersen

I søknaden om konsesjon til å byggje Eidsdal kraftverk var det søkt om ei maksimal slukeevne på 4,2 m3/s. Eidsdalelva er ikkje verna, men det er laks og sjøaure i vassdraget. Det var omsynet til desse artane som gjorde at NVE fastsette den maksimale slukeevna i kraftverket til 3,6 m3/s i konsesjonen til Eidsdal kraftverk.. Tiltakshavarane klaga denne avgrensinga inn til Olje- og energidepartementet. Trass i at Olje- og energidepartementet opprettheldt avgjerda om 3,6 m3/s, bygde Eidsdal Kraft AS kraftverket som omsøkt og med eit vassuttak på 4,2 m3/s.

Konsekvensane av auka vassuttak gjev mindre vatn på elvestrekninga mellom inntaket og kraftverket, noko som har særleg betyding i dei periodane det ikkje renn vatn over inntaket (overløp). Det førte til mindre dynamikk i vassdraget og dermed mindre gunstige forhold for dei anadrome artane. Det er ikkje undersøkt kor stor denne negative verknaden har vore.

Eidsdal Kraft AS kan klage på avgjerda til Olje- og energidepartementet, innan tre veker frå mottak av meldinga.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Mari Hegg Gundersen, tlf. 984 59 430
Seniorrådgjevar Jan Henning L'Abée-Lund, tlf. 908 54 195

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom