Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Lovbrotsgebyr til fiskefarm i Sogn og Fjordane

Del
NVE har gjeve Steinvik Fiskefarm AS i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane eit lovbrotsgebyr på kr 400 000 for brot på konsesjonsvilkår om slepp av minstevassføring og tørrlegging av Riselva.

Tørrlegginga av Riselva var i tidsrommet kl. 16:00 til 18:23 21.9.2017.

-Vi ser svært alvorleg på brot på krav om slepp av minstevassføring. Av omsyn til livet i elva skal det alltid sleppast tilstrekkeleg med vatn. Slepp av minstevassføring er ein avgjerande føresetnad for å få løyve til å bruke vatnet frå Riselva til settefiskanlegget, seier Mari Hegg Gundersen, seksjonssjef for NVEs miljøtilsyn for vassdragsanlegg.

Steinvik Fiskefarm AS fekk løyve etter vannressursloven § 8 til vassuttak og regulering av Risevatnet til landbasert oppdrett av fisk i mars 2017.

I konsesjonsvurderinga vart det lagt vekt på at Risevassdraget har ein viktig funksjon for stadeigen anadrom og stasjonær laksefisk. I tillegg har vassdraget regional verdi for ål. I løyvet er det fastsett krav til slepp av minstevassføring. Av konsesjonsvilkåret følgjer det at konsesjonæren skal sørge for at fisken sine vandringsmogelegheiter i vassdraget vert halde ved like.

Steinvik Fiskefarm AS kan klage på avgjerda til Olje- og energidepartementet, innan tre veker frå mottak av meldinga.

Kontakter

Seksjonssjef Mari Hegg Gundersen, tlf. 984 59 430


Seniorrådgjevar Auen Korbøl, tlf. 984 47 544

Lenker

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye