Utdanningsdirektoratet

Ein liten nedgang i talet på elevar per lærar

Del
Dei siste ti åra har gruppestorleiken vore stabil. I år ser vi ein liten nedgang i talet på elevar per lærar, viser nye tal om grunnskolen.

Skoleåret 2017-18 er det 956 fleire lærarårsverk i grunnskolen samanlikna med førre skoleåret. Dei fleste av desse lærarane er på 1.-4. trinn. Gruppestorleiken i ordinær undervisning på 1.-4. trinn er på 15,3. Det er ein nedgang frå førre skoleåret, da gruppestorleiken var 15,8.

- Dei nye tala i GSI viser at satsinga på spesielt fleire lærerar på 1.-4.trinn dei siste tre åra har fungert. Det er nå 1 656 fleire lærarårsverk enn det var i skoleåret 2014/15. Det tyder på at kommunane bruker pengane dei har fått til det dei skal – fleire lærarar til dei yngste elevane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. 

Lærartettleik før lærarnorma tek til å gjelde

Lærarnorma, som fastslår kor mange elevar det skal vere per lærar, skal iverksetjast hausten 2018. Norma fastslår at frå hausten 2018 skal gruppestorleiken i ordinær undervisning vere på 16 elevar eller lågare på 1.-4. trinn, og 21 elevar eller lågare på 5.-10. trinn. Frå hausten 2019 skal norma nedjusterast ytterlegare til under 15 og under 20.

Lærarnorma vil krevje tilsetjing av mange fleire lærarar i grunnskolen. 32 prosent av grunnskolane med elevar på 1.-4. trinn har gruppestorleik på over 16.

Lærarar manglar fordjuping

Det er eit politisk mål at alle lærarar som underviser i norsk, matte, engelsk, samisk og norsk teiknspråk, skal ha fordjuping i desse faga. Det vil seie 30 studiepoeng på barnetrinnet og 60 på ungdomstrinnet.

I dag manglar 22 prosent av norsklærarane, 31 prosent av mattelærarane og 43 prosent av engelsklærarane fordjuping.

Om tala

Grunnskolar og kommunar rapporterer inn tal til Grunnskolane sitt informasjonssystem (GSI) per 1. oktober kvart år. Ein analyse som er publisert på Utdanningsdirektoratets nettsider, gir ei samla oversikt over nøkkeltal for grunnskolen på nasjonalt nivå.

Analyse av tala: http://www.udir.no/Analyse-av-GSI--tall/

Tala i GSI: www.udir.no/gsi

Kontakter

Bilder

Om Utdanningsdirektoratet

Utdanningsdirektoratet
Utdanningsdirektoratet
Postboks 9359 Grønland
0135 Oslo

23 30 12 00http://www.udir.no

Utdanningsdirektoratet skal sikre at den nasjonale utdanningspolitikken iverksettes. Slik får barn, unge og voksne et barnehagetilbud og en opplæring av høy kvalitet. Vi er underlagt Kunnskapsdepartementet og har kontorer i Oslo, Tromsø, Molde og Hamar.

Følg pressemeldinger fra Utdanningsdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Utdanningsdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Utdanningsdirektoratet

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye