Nærings- og fiskeridepartementet

Legg fleire sjømatmillionar på bordet

Del

Fiskeriminister Per Sandberg gir 2 millionar kroner ekstra til prosjekt som skal gi barn gode opplevingar med sjømat.

Regjeringa har i 2017 sett av til saman 10 millionar til prosjekt og tiltak som skal gi barn og unge gode opplevingar med sjømat. Men i år har det kome så mange gode søknader om tilskot til sjømatprosjekt at potten blir auka.

– I år har eg fått ein rekordstor tilstrøyming av søknader. Denne regjeringa tek barn på alvor, så no legg vi ytterligare 2 millionar kroner på bordet, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).

Norge har dei siste ti åra hatt eit stabilt høgt inntak av sjømat, fram til 2016 då det gjekk tilbake med 7 prosent. Inntaket av sjømat blant dei under 34 år har gått mest tilbake.

– Dette er ei utvikling vi må ta på alvor. Noreg er ein stor fiskerinasjon og vi burde være verdsmestrar i å lage og ete fisk. Meir kunnskap om sjømat kan gje barn og unge fleire gode matopplevingar, og gjere det lettare å velje fisk oftare. Å gje barn og unge eit godt kosthald er ein av dei viktigaste investeringane vi kan gjere for kommande generasjonar, seier fiskeriministeren.

Kontakter

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal i offentlig elektronisk postjournal (OEP)

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom