Samferdselsdepartementet lyste 21. januar i år ut ein konkurranse om ein tenestekonsesjonskontrakt på å distribuere aviser på laurdagar i område der det ikkje er eit eige avisbodnett.

To selskap leverte inn tilbod – Posten AS og Kvikkas.no, med Norpost som underleverandør. Båe tilbydarane var kvalifiserte for å delta i konkurransen. Etter ei samla vurdering kom Samferdselsdepartementet fram til at Kvikkas.no har det beste tilbodet. 

Kvikkas.no tek i tenestekonsesjonskontrakten på seg å levere abonnementsaviser på laurdagar til abonnentar som ikkje får levert avisa frå eit avisbodnett. Dette gjeld aviser som inngår avtale med Kvikkas.no og som sørgjer for å levere inn avisene på eit avtalt innleveringspunkt. 



Kontrakten med Kvikkas.no gjeld for ein periode på to år frå november 2016. I fall Posten vil klage inn avgjerda, er klagefristen satt til torsdag 7. juli 2016.

Om Kvikkas.no
Kvikkas.no AS blei etablert hausten 2005. Selskapet tilbyr transport- og logistikkløysingar, og har eit landsdekkjande rutenett. Hovudkontoret ligg i Ålesund.

I tenestekonsesjonskontrakten med Samferdselsdepartementet vil Kvikkas.no  bruke Norpost som underleverandør.