Asplan Viak

Lastebiltrafikken mellom Aust- og Vestlandet aukar - stikk imot målsettinga i Nasjonal transportplan

Del
Dette viser Vestlandsrapporten, som Asplan Viak og NORCE har utarbeida på vegne av Statens vegvesen.
Til saman blei 13.000 intervju gjennomført i løpet av 48 timar under tidenes største kartlegging av godstransport. Foto: Asplan Viak
Til saman blei 13.000 intervju gjennomført i løpet av 48 timar under tidenes største kartlegging av godstransport. Foto: Asplan Viak

Rapporten er laga på grunnlag av den største godskartlegginga som nokosinne er gjort her til lands.
Her kjem det fram at det er lastebilane som står for heile veksten i godsvolumet til Vestlandet, med ei auke på 100 000 turar på sju år. I transporten på bane og sjø har det omtrent ikkje vore noko vekst.
Dette er stikk i strid med måla i Nasjonal transportplan om ein meir effektiv og miljøvenleg godstransport, som inneber meir gods over frå veg til sjø- og banetransport. 
 
- Om eg skal trekke frem ei enkeltårsak, så er det utviklinga som har skjedd over lang tid med mindre lagerhold lokalt på Vestlandet, og bygging av store sentrallagre på Austlandet seier seniorrådgivar Øyvind Sundfjord, som er oppdragsleiar i Asplan Viak.  

Dette har ført til at «lageret er på vegen», og det har gitt auka etterspørsel etter transport med kort framføringsledetid, god punktlegheit og regularitet.

- Det vil altså seie at vegtransporten aukar meir enn bane- og sjøtransporten.


 

Kvalitet styrer val av transportform​

Som eit ledd i undersøkinga utførte Asplan Viak ei rekke dybdeintervju for å få svar på kva det er som bestemmer val av transportform. 

- Vi hadde 25 dybdeintervju med sentrale aktørar i bransjen, og svaret var ganske eintydig: Kvalitet styrer val av transportform, deretter pris, seier Sundfjord.

Det viktigaste for val av transportform er framføringstid (herunder regularitet), fleksibilitet og framføringssikkerhet. I tillegg spelar pris inn, men pris er underordna behovet for å få levert godset til rett tid.

Moglege tiltak for å nå den nasjonale målsettinga
 

Det er mange tiltak som må verke saman for at det skal kunne skje ei endring slik at meir av godstransporten går over til sjø og bane.
 

- For jernbanen vil det mellom anna vere viktig å utbetre infrastrukturen (raskare bane med fleire kryssingsspor) slik at tidsluker for levering blir tilpassa etterspørselen i marknaden, dvs. transport over natta med levering tidleg morgon, påpeikar Sundfjord.  
 

På Sørlandsbanen er ikkje dette godt tilrettelagt i dag, og jernbanen slit i konkurranse med vegtransporten. På Bergensbanen fungerer det for så vidt bra.
- Men det er dessverre ikkje kapasitet til fleire leveransar i den viktige tidsluka tidleg om morgonen. I Bergen er difor terminalen ei viktig begrensing.

Sjøvegen er ei billig form for transport for verksemder med store godsmengder, men utfordringa på Vestlandet er å bygge opp eit ruteopplegg med høg nok frekvens til at tilstrekkeleg mange verksemder vel å bruke det.

- Konsolidering av gods blir dermed viktig, det vil seie å samle saman så mykje gods i omlandet til hamna at skipsreiarlaga finn det interessant å bygge opp eit godt rutetilbod med konteinar- og RoRo-skip. Nye metodar for konsolidering av gods er difor viktig, og det skjer no ei utvikling på det feltet, seier rådgivaren i Asplan Viak, Øyvind Sundfjord.

Kontakter

Bilder

Til saman blei 13.000 intervju gjennomført i løpet av 48 timar under tidenes største kartlegging av godstransport. Foto: Asplan Viak
Til saman blei 13.000 intervju gjennomført i løpet av 48 timar under tidenes største kartlegging av godstransport. Foto: Asplan Viak
Last ned bilde
Vegtransporten aukar meir enn bane- og sjøtransporten. Dei siste sju åra har lastebiltransporten hatt ei auke på 100 000 turar. Foto: Shutterstock
Vegtransporten aukar meir enn bane- og sjøtransporten. Dei siste sju åra har lastebiltransporten hatt ei auke på 100 000 turar. Foto: Shutterstock
Last ned bilde

Lenker

Om Asplan Viak

Asplan Viak
Asplan Viak
Kjørboveien 20
1337 Sandvika

+47 46 26 59 16http://www.asplanviak.no

Asplan Viak er et av Norges ledende rådgivningsselskap innen plan-,  ingeniør- og arkitektfirmaer. Selskapet har i snart 60 år bistått med tverrfaglig rådgivning og analyser til offentlig og privat virksomhet. Vi har ca. 1000 medarbeidere, fordelt på 31 kontorsteder.

Følg pressemeldinger fra Asplan Viak

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Asplan Viak på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Asplan Viak

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye