Visit Hardangerfjord

Lanserer suksess-konsept i Hardanger

Del
No kan du kjøpa Travel like the locals-turar i Hardanger. Konseptet gjer det lettare for turistar å reisa rundt med offentleg transport i regionen.

– Dette er eit veldig spanande prosjekt me har stor tru på. Travel like the locals har vore ein stor suksess i Møre og Romsdal, og no ser me fram til å tilby dette til turistane i Hardanger, seier Andreas Skogseth, reiselivsdirektør i Visit Hardangerfjord i ei pressemelding.

Vinn-vinn

Det kan vera utfordrande for turistane å orientera seg om kollektiv-tilboda i Hardanger, og det er her Travel like the locals kjem inn. Konseptet går ut på å samla og selja ferdigpakka turar med offentleg transport rundt om i regionen. I Møre og Romsdal kan dei skilta med ein fin vekst dei siste åra. I 2016 nytta om lag 3.400 turistar, fordelt på 16 turar, seg av tilbodet. No har talet reisande auka til 8.000 fordelt på 40 turar.

– Dagens turistar vil oppleva «autentiske» Hardanger, og det får dei no. Å reisa kollektivt, er prisgunstig og bra for miljøet. Dette er ein vinn-vinn-situasjon, seier Skogseth.

Nøgde turistar

I fyrsteomgang «får» Hardanger elleve turar som er spreidd rundt i heile regionen. Desse kan bestillast på fysiske utsalsstader eller på ei felles nettside for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland (www.tltl.no). 

– Dei første turane er allereie selt. Turistinformasjonen i Stavanger var først ute av salskontora og selde turen «Øyhopping til Lindøy og Langøy» til to britiske turistar som var svært nøgde med turen. Fleire «står på vent» og er klare til å kjøpe turar når nettsida no blir klar, seier Marit Holen, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.

Nøkkelord

Kontakter

Andreas Skogseth - reiselivsdirektør i Visit Hardangerfjord - 926 64 894
Marit Holen - Prosjektleiar for Travel like the locals, Møre og Romsdal fylkeskommune - ‭975 44 525

Bilder

Om Visit Hardangerfjord

Visit Hardangerfjord
Sandvenvegen 40
5600 Norheimsund

56 55 38 70http://www.hardangerfjord.com

Visit Hardangerfjord is the official tourist board of the Hardangerfjord region. We publish press releases with current news and stories from the Hardangerfjord region.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye