Nærings- og fiskeridepartementet

Lanserer nytt lånetilbod for skip

Del
Frå måndag 25. juni kan Eksportkreditt Norge gi lån for kjøp av skip frå verft i Noreg til bruk i Noreg.
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen på havturné i Kirkenes tidlegare i år. Her på besøk hos Kimek. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen på havturné i Kirkenes tidlegare i år. Her på besøk hos Kimek. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Det nye tilbodet gjeld for skip som til dømes ferjar, fiskebåtar, brønnbåtar og båtar til nærskipsfart.

- Eg er glad for å melde om at Eksportkreditt Norge sitt tilbod frå måndag vil bli utvida til å kunne tilby marknadslån til skip som blir bygt i Noreg og skal brukast i Noreg, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Skipsfinansieringsordninga er ei ny, mellombels låne- og garantiordning for kjøp av skip frå norske verft, når desse skipa skal brukast i Noreg. GIEK sin garantiramme er på 10 milliardar kroner i 2018.

- Dette er eit relevant og treffsikkert tiltak som vil føre til auka aktivitet på norske verft og til at vi beheld kompetanse og arbeidsplassar i Noreg. Ordninga kan auke verdiskapinga i Noreg og bidreg til omstilling og ein berekraftig velferdsstat, seier Røe Isaksen.

Ordninga er treårig og skal evaluerast. Eksportkreditt Norge gir lån på marknadsvilkår, og GIEK gir garantiar på like vilkår med bankane. Formålet er at reiarar i Noreg oppnår finansiering på marknadsvilkår, og dermed medverke til auka aktivitet for skipsverft i Noreg.

Les meir om skipsfinansieringsordninga på nettsidene til Eksportkreditt Norge og GIEK

Kontakt Eksportkreditt Norge her. 

Kontakter

Bilder

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen på havturné i Kirkenes tidlegare i år. Her på besøk hos Kimek. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen på havturné i Kirkenes tidlegare i år. Her på besøk hos Kimek. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye