Nærings- og fiskeridepartementet

Kvoteavtale mellom Noreg og Grønland på plass

Del

Noreg og Grønland er einige om ein kvoteavtale for 2018, og vil vidareutvikle forskingssamarbeidet.

- Utnyttinga av kvotane ved Grønland har vore god i år, og vi skal være nøgd med at Noreg og Grønland er einige om kvoteavtale også for 2018. Avtalen er lik den vi har hatt, nytt for 2018 er at Noreg får ein kvote på skolest ved Øst-Grønland. Det kan bety spanande fangstmogelegheiter, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Kvotane for dei fleste bestandane blir vidareført på same nivå som for 2017. Nytt for 2018 er at Noreg får ein kvote på skolest 100 tonn ved Øst-Grønland. Kvoten for botnlevande uer vert aukas med 200 tonn til 1 000 tonn. Til gjengjeld har Grønland fått auka kvoten på torsk på med 300 tonn.

Grønland sin kvote i Barentshavet i 2018 er sett til 4 000 tonn torsk, 900 tonn hyse og 500 tonn sei. I tillegg får Grønland ein kvote på inntil 300 tonn bifangst av andre artar.

Dei norske blåkveitekvotane på 900 tonn ved Vest-Grønland og 400 tonn på Øst-Grønland, er vidareført. Torskekvoten blir vidareført med 1 200 tonn og kveitekvoten med 10 tonn. I tillegg har norske fartøy ein kvote på 150 tonn bifangst av andre artar.

Noreg og Grønland er også blitt einige om å vidareutvikle det gode forskingssamarbeidet. Forskingssamarbeidet blir vidareført for blåkveite, torsk, uer, håkjerring og makrell. Partane held også fram med eit fleirårig forskingsprogram om effektane av klimaendringane på fiskebestandane og økosystema i vestnordiske farvatn.

Kontakter

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom