Nærings- og fiskeridepartementet

Kvote for vågekval i 2017

Del

Fiskeriministeren har fastsett ein kvote på 999 dyr i vågekvalfangsten i 2017.

Kvoten for 2017 inneber ein auke frå 880 dyr i fjor. Kvoten er fastsett med utgangspunkt i berekningsmodellar utarbeidde av vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC). Kvoten gir fullgod sikkerheit for berekraftig fangst på vågekvalbestanden.

Underområda for Svalbard, Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen blei slått saman til eitt område. Dette blei gjort for å få til ein best mogeleg fleksibilitet for kvalfangarane, og det skjer innanfor ansvarlege vitskaplege råd.

- Ved å slå saman fangstområda gjer vi det enklare og meir fleksibelt for kvalfangarane, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Fangstane dei tre siste åra har vore 736 dyr i 2014, 660 dyr i 2015 og 591 dyr i 2016. Talet fartøy i fangst var 20 i 2014 og 2015, og 17 i 2016. Det skal utformast eit reguleringsopplegg for fangsten i samråd med næringa.

- Eg trur kvotetala og fleksibiliteten i fangstområda, vil danne eit godt utgangspunkt for ein god fangstsesong for kvalfangstnæringa, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms),

media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.

Kontakter

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal i offentlig elektronisk postjournal (OEP)

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr