Kulturminnefondet

Kulturminne i Sogn og Fjordane får millionar i støtte

Del
Kulturminnefondet delte i år ut over 100 millionar kroner i støtte til kulturminne over heile landet, og meir enn åtte av desse gjekk til Sogn og Fjordane.
Visnes hotell er eit av 22 prosjekt som fekk støtte frå Kulturminnefondet. Eigarane av det historiske hotellet skal sette i stand låven som ein kulturlåve. (Foto: Linda C. Herud/Kulturminnefondet)
Visnes hotell er eit av 22 prosjekt som fekk støtte frå Kulturminnefondet. Eigarane av det historiske hotellet skal sette i stand låven som ein kulturlåve. (Foto: Linda C. Herud/Kulturminnefondet)

I alt 22 prosjekt fekk 8,5 millionar til saman. Frå Sogn og Fjordane kom det 68 søknadar på nesten 32 millionar kroner.

 Gjennom dei siste åra har mengda søknadar til Kulturminnefondet auka mykje, og vi er med på å redde fleire kulturminne enn nokon gang over heile Norge.

- Kulturminnefondet er eit lågterskeltilbod for private eigarar, og vi arbeider heile tida med å forenkle prosessen med å søke. Den store auka i talet på søknadar tyder at vi er på rett veg i dette arbeidet, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Han er også glad for at Regjeringa har styrka Kulturminnefondet med auka løyvingar, som gjer det mogleg å støtta fleire gode tiltak over heile landet.

Løpande søknadsfrist

Tidlegare har Kulturminnefondet hatt ei årleg søknadsfrist, men det er det slutt på. Frå 2019 blir det laupande søknadsfrist, og private eigarar av verneverdige kulturminne kan søke om støtte kva tid som helst.

Allereie nå er det mogleg å sende inn ein søknad for 2019, men ingen vedtak blir gjort før vi skriv 2019.

Desse prosjekta i Sogn og Fjordane fekk støtte i år:

Prosjektnamn, søkjarnamn, kommune, tilsegnsbeløp

  • Mundal hotell, Hotel Mundal AS, Sogndal, 1.000.000
  • Våningshus på gardstun frå 1850, Astrid Sandvik og Kåre Krakhella, Gulen, 330.000
  • Fjøs Smørhamn, Ingvar Magne Vadøy, Bremanger, 478.000
  • Utigarden - sperrestove, John Arne Holsen, Førde, 277.000
  • Det Heibergske Familiemuseum, Ingebjørg Heiberg, Sogndal, 260.000
  • Visnes Hotel Stryn - kulturlåven, Visnes Hotel Stryn, Stryn, 250.000
  • Ulvikbui, gamle Lærdalsøyri, Odd Helge Brugrand, Lærdal, 600.000
  • Bustadhus - tak og yttervegger, Per Kristian Holmøy, Eid, 347.000
  • Harastølen - Sanatoriebygget, Harastølen AS, Luster, 3 800.000
  • Lensmannsgarden i Bø - grunnmur, Morten Holmberg, Vik, 246.000
  • Eldhuset - Støfringsdalen, Bård Støfringsdal, Jølster, 146.000
  • Sanddalen 85 - eldhus, Tore Tonning, Jølster, 100.000
  • Måren skule, Klypekveet, Erlend Myrstad, Høyanger, 120.000
  • Gammal kyrkjebåt, Asbjørn Gimmestad, Gloppen, 25.000
  • Stabbur Indre Åsane, Kjetil Jon Lote, Eid, 20.000
  • Tak Villa Strandheim, Øyvind Ugulen, Balestrand, 91.000
  • Haavetunet, Atle Jordahl, Flora, 43.000
  • Eldhus på Juklestad, Nils Jakob Juklestad, Jølster, 187.000
  • Sjøbu øyaneset Kalvåg, Stig Melheim, Bremanger, 90.000
  • Munkastova, Hans Tore Stokkebø, Balestrand, 54.000
  • Stabbur på Dalåker, Helge Ruud og Oddfrid Nistad Ruud, Sogndal, 25.000
  • Strandsitjarløa på Bakka, Svein Tufte, Aurland, 75.000

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Visnes hotell er eit av 22 prosjekt som fekk støtte frå Kulturminnefondet. Eigarane av det historiske hotellet skal sette i stand låven som ein kulturlåve. (Foto: Linda C. Herud/Kulturminnefondet)
Visnes hotell er eit av 22 prosjekt som fekk støtte frå Kulturminnefondet. Eigarane av det historiske hotellet skal sette i stand låven som ein kulturlåve. (Foto: Linda C. Herud/Kulturminnefondet)
Last ned bilde
Direktør i Kulturminnefondet, Simen Bjørgen. (Foto: Tom Gustavsen)
Direktør i Kulturminnefondet, Simen Bjørgen. (Foto: Tom Gustavsen)
Last ned bilde

Om Kulturminnefondet

Kulturminnefondet
Kulturminnefondet
Bergmannsgata 17
7374 Røros

73 10 36 00http://www.kulturminnefondet.no

Kulturminnefondet er en statlig tilskuddsordning for private eiere av verneverdige kulturminner og kulturmiljøer. Tilskuddsordningen skal bidra til å øke innsatsen fra eiere og næringsliv for å ta vare på kulturminner, og til bevaring og bruk av kulturminner og kulturmiljøer for opplevelse, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

For å få støtte må eier søke oss. Det er styret i Kulturminnefondet som forvalter midlene, og treffer vedtak om tildeling av tilskudd.

Følg pressemeldinger fra Kulturminnefondet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturminnefondet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturminnefondet

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye