Forsvarsbygg

Kjøp av bustader

Del
Forsvarsbygg har kjøpt seg 31 nye bueiningar for Forsvaret i indre Troms.

Det er kjøpt til saman 31 nye 3-roms bustadeiningar som blir oppførte av private aktørar på Bardufoss og på Setermoen. Dette er med på å redusere underdekninga og justere bustadportefølja til Forsvarsbygg i indre Troms. 

Til saman har Forsvarsbygg investert for totalt vel 89 millionar kroner i bustader i indre Troms. 

Målselv
På Bardufoss er det kjøpt 11 bustadeiningar. Sju av desse er lokaliserte i Krokbekken Panorama og er allereie innflytta. Dei resterande fire bueiningane er lokaliserte i Andselv sentrum og er under oppføring. Desse er innflyttingsklare i løpet av hausten. Utbyggarane er Nysted AS og Øvrevegen 17 og 19 AS. 

Bardu
På Setermoen er det kjøpt 20 bustadeiningar. Åtte av desse er lokaliserte i Åsvegen / Kirkemogata og er under oppføring. I løpet av våren kan dei tilsette i forsvaret flytte inn. Dei resterande 12 bustadeiningane er lokaliserte i Altevannsvegen og er under oppføring. Desse vil kunne takast i bruk i løpet av våren 2018. Utbyggarane her er Norvang AS og Johansen Eiendom AS.

Kravet til leilegheitene har vore at dei skal liggje sentralt i høve til det sivile servicetilbodet og vere nære leiren, samtidig skal dei oppfylle tekniske krav, TEK10.

- Det er fint å vere med på å realisere nye bustadprosjekt i området, seier Stian René Nilsen, prosjektleiar i Forsvarsbygg. 

Kontakter

PRESSEVAKT
Forsvarsbyggs pressevakt er tilgjengelig både innenfor og utenfor ordinær kontortid og nås på telefonnummer 47 7777 47

Bilder

Lenker

Om Forsvarsbygg

Forsvarsbygg
Forsvarsbygg
Grev Wedels plass 5
0151 Oslo

815 70 400http://www.forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet som utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye