Kulturminnefondet

Kjenner du ein god stipendkandidat?

Del
For sjette året på rad, lyser styret i Kulturminnefondet ut eit formidlingsstipend i 2019. No treng vi stipendkandidatar.
Stipendmottakar i 2018, Berit Osmundsen og styremedlem i Kulturminnefondet, Per Kyrre Reymert.
Stipendmottakar i 2018, Berit Osmundsen og styremedlem i Kulturminnefondet, Per Kyrre Reymert.

Formålet med stipendet er å bidra til å auka merksemda på kulturminnevern i Noreg. Stipendet skal nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå innsats i praktisk kulturminnevern over mange år. Den som mottek stipendet må kunne begeistra ulike målgrupper og syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.

Stipendet vart i 2018 tildelt båtbyggjar Berit Osmundsen, for den store innsatsen som ho gjer for å setja søkeljoset på trebåtar generelt og Oselvar-båten spesielt. Ho arrangerer blant anna ei sløydgruppe for barn, der dei får oppleva eit verkstedmiljø som ikkje masseproduserer.

Den som ynskjer å foreslå kandidatar til stipenda kan sende forslag til Kulturminnefondet på våre heimesider eller til direktør Simen Bjørgen innan 20. januar 2018, på e-post simen.bjorgen@kulturminnefondet.no.

Tidlegere stipendmottakarar

2014: Elsa "Sprossa" Rønnevig, for å vere ein aktiv forkjempar for kultur- og bygningsvern både lokalt og nasjonalt.

2015: Erik Alfred Tesaker ved Handverksfabrikken i Gyland, også kjend som "Oppfinneren" fra NRK. Han fekk stipendet for den kreative utviklings av handverksfabrikken, og innsatsen for å setja handverkstradisjonar på dagsorden.

2016: Marita Bett Aakre ved Bakketunet på Bjørke. Ho fekk stipendet for å la eit freda gardstun bli opna opp for publikum og flinke handverkarar frå ulike yrke, som gjev nye målgrupper auka forståing for
kulturarvens verdi.

2017: Bror Ivar Salomonsen ved RiddoDuottar-museet, for den store innsatsen som han gjer for å bringe kunnskap om verna og freda bygningar, samt tradisjonshandverk til Finnmark.

2018: Båtbyggjar Berit Osmundsen ved Hardanger Fartøyvernsenter, for den store innsatsen som ho gjer for å setja søkeljoset på trebåtar generelt og Oselvar-båten spesielt.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Stipendmottakar i 2018, Berit Osmundsen og styremedlem i Kulturminnefondet, Per Kyrre Reymert.
Stipendmottakar i 2018, Berit Osmundsen og styremedlem i Kulturminnefondet, Per Kyrre Reymert.
Last ned bilde

Lenker

Om Kulturminnefondet

Kulturminnefondet
Kulturminnefondet
Bergmannsgata 17
7374 Røros

73 10 36 00http://www.kulturminnefondet.no

Kulturminnefondet er et lavterskeltilbud og en rendyrket tilskuddsordning for private eiere av verneverdige kulturminner. Vi skal bidra til at et mangfold av kulturminner og kulturmiljøer bevares, så de kan benyttes som grunnlag for framtidig opplevelse, utvikling og verdiskaping.

For å få støtte må eier søke oss. Midlene blir fordelt gjennom vedtak gjort av Kulturminnefondets styre.

Les mer på våre nettsider.

 

Følg pressemeldinger fra Kulturminnefondet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturminnefondet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturminnefondet

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye