Sparebanken Vest

KETCHUP-EFFEKTEN KJEM IKKJE PÅ VESTLANDET

Del

Vestlandsindeks 3/17 viser at det verste er bak oss og sysselsettinga stig igjen på Vestlandet, særleg blant bedrifter tilknytt olje og gass-sektoren. Samstundes er framtidsutsiktene noko avdempa – ketchup-effekten kjem ikkje. Ei knapp veke før Stortingsvalet meiner Vestlandsbedriftene og at den komande regjeringa bør satse på lågare skatter og avgifter, og auka investeringar i samferdsle for å sikre økonomisk vekst blant vestlandsbedriftene. Særleg lågare arbeidsgivaravgift segler opp som den føretrekte skattereduksjonen for å auka sysselsettinga.

Forside Vestlandsindeks 3/2017 (Foto: Colourbox/Sparebanken Vest)
Forside Vestlandsindeks 3/2017 (Foto: Colourbox/Sparebanken Vest)

Men resultatindeksen for Rogaland går noko tilbake frå førre kvartals måling frå 60,5 til 60,0. Bedriftene i oljefylket har rapportert om lågare etterspurnad dei siste tre månadane, og underindeksen for investeringar i regionen fell for andre kvartal på rad.

Forventningsindeksen for fylket fell for andre kvartal på rad frå 63,8 til 61,8. Den auka optimismen som vart rapportert i Vestlandsindeks 1/2017 har blitt justert kraftig ned. I Vestlandsindeks 3/2017 melder Rogalandsbedriftene om nedgang i alle underindeksane. Underindeksane for etterspurnad og investeringar fell for andre kvartal på rad, medan underindeksen for sysselsetting har den mest markante tilbakegangen frå 56,6 til 52,8 det siste kvartalet.

Vestlandsindeks 3/17 viser at det verste er bak oss og sysselsettinga stig igjen på Vestlandet, særleg blant bedrifter tilknytt olje og gass-sektoren. Samstundes er framtidsutsiktene noko avdempa – ketchup-effekten kjem ikkje. Ei knapp veke før Stortingsvalet meiner Vestlandsbedriftene og at den komande regjeringa bør satse på lågare skatter og avgifter, og auka investeringar i samferdsle for å sikre økonomisk vekst blant vestlandsbedriftene. Særleg lågare arbeidsgivaravgift segler opp som den føretrekte skattereduksjonen for å auka sysselsettinga.

Vestlandsindeks 3/17, ei undersøking blant 700 bedriftsleiarar på Vestlandet utarbeida av Sparebanken Vest i samarbeid med Respons Analyse, viser at den moderate positive utviklinga vi har sett det siste året fortsett. Etterspurnaden går noko tilbake, medan lønsemd og sysselsetting bidreg til den positive utviklinga i resultatindeksen.

- Det er gledeleg at næringslivet på Vestlandet viser robustheit med tanke på inntening og at ledigheita går ned ved at bedrifter tilsett folk igjen. Mange bedrifter har vore flinke til å nytte dei siste års økonomiske utfordringar til både nyskapande omstilling og meir tradisjonell tilpassing av kostnadar. Dette byrjar dei no å hauste fruktene av på botnlina, seier konserndirektør Ragnhild Fresvik i Sparebanken Vest.

For tredje kvartal 2017 viser Vestlandsindeks ein resultatindeks på 61,5 og ein forventningsindeks på 64,5. Resultatindeksen viser bedriftene si oppleving av marknadssituasjonen dei siste tre månadane, medan forventningsindeksen viser bedriftene sine forventningar til marknadssituasjonen dei neste seks månadane. Tilsvarande tal for tredje kvartal 2016 var 58,7 og 62,0.

- Det er positivt at vestlandsbedriftene venter noko auka investeringar for det neste halvåret. Men samstundes må vi og ta inn over oss ein svakare forventing knytt til marknadsutsiktene og dermed sysselsetting og lønsemd for dei neste seks månadane, som bidreg til å dempe ein samla forventningsindeks dette kvartalet og. Det er framleis mykje ledige ressursar i Vestlandsøkonomien og vi venter ei fortsatt konsolidering blant bedrifter knytt til olje- og gassnæringa, seier Fresvik.

Bil, båt, bane eller fly? Ja takk!
Samferdsle og utbygging av veier har lenge vore ein fanesak blant næringslivet på Vestlandet. Sjølv om delen som meiner dette er viktig har gått marginalt ned sidan førre stortingsval, svarar framleis 90 % av vestlandsbedriftene at samferdsle i stor grad er viktig for å sikre lønsemd på Vestlandet.

- God samferdsle er heilt klart ein av dei viktigaste faktorane for vidare utvikling av næringslivet i regionen. Men det er samstundes like klart at det kan bli eit problem når smørbrødlista frå bedriftene med ynska prosjekt vert so lang, og utan openberre favorittprosjekt. Faren er da større for at dei viktigaste samferdsleprosjekta på Vestlandet kan bli forhandla vekk på Stortinget. Her trur eg næringslivet på Vestlandet hadde tent på å kunne tale med ei meir samla stemme inn mot dei folkevalde, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest.

- Eit interessant moment i dette spørsmålet er at bedriftene likevel ser på dei større prestisjeprosjekta som bybane og flyplassutbyggingar som mindre viktige målt opp mot andre samferdsletiltak, påpeiker Fresvik i Sparebanken Vest.

Graf:Samferdsleprosjekt



Lågare arbeidsgjevaravgift = auka sysselsetting?
Delen bedriftsleiarar som meiner lågare skatter og avgifter bør vere regjeringa sitt hovudfokus for å sikre bedrifta suksess på lang sikt har auka til 41 %, opp frå 25 % ved førre stortingsval.

- At bedrifter på Vestlandet trekker fram lågare skatter og avgifter som eit av dei viktigaste verkemidla ei ny regjering må nytte for å skape ytterlegare vekst er ikkje spesielt overraskande, men desto meir interessant er det at det er arbeidsgjevaravgifta flest vil redusere. 58 prosent har svart at dei ville redusert arbeidsgjevaravgifta, medan 43 prosent ynskjer ein reduksjon i den mykje meir omtala formueskatten, seier Fresvik.

- Ser vi enda nærare på tala i Vestlandsindeks meiner 60 prosent av bedriftsleiarane at lågare arbeidsgjevaravgift vil føre til at det blir lettare å tilsette folk. Delen som meiner at ein reduksjon i formueskatten vil ha ein tilsvarande effekt er kun 10 prosent. For politikarane er det absolutt verdt å merke seg bedriftene si tilbakemelding på kvar skoen trykker skattemessig når det gjelder å få fleire folk i arbeid, avsluttar konserndirektør Ragnhild Fresvik i Sparebanken Vest.

Graf - Kva bør prioriterast?

Rogaland
Resultatindeksen for Rogaland går noko tilbake frå førre kvartals måling frå 60,5 til 60,0. Bedriftene i oljefylket har rapportert om lågare etterspurnad dei siste tre månadane, og underindeksen for investeringar i regionen fell for andre kvartal på rad. Samstundes ser vi at lønsemda i regionen framleis er på ein oppadgåande kurve, og underindeksen for sysselsetting i regionen har ikkje vore så høg sidan fjerde kvartal 2012.

Forventningsindeksen for fylket fell for andre kvartal på rad frå 63,8 til 61,8. Den auka optimismen som vart rapportert i Vestlandsindeks 1/2017 har blitt justert kraftig ned. I Vestlandsindeks 3/2017 melder Rogalandsbedriftene om nedgang i alle underindeksane. Underindeksane for etterspurnad og investeringar fell for andre kvartal på rad, medan underindeksen for sysselsetting har den mest markante tilbakegangen frå 56,6 til 52,8 det siste kvartalet.

Hordaland
I Hordaland fortsetter den moderate veksten i resultatindeksen som vi har sett siden tredje kvartal 2016 og ender på 61,2 opp fra 60,5. Selskapene i regionen melder om oppgang i alle underindeksene. Også i Hordaland går forventningsindeksen noe tilbake fra forrige kvartals måling på 66,7 til 66,0.

Hordalandsbedriftene forventer vekst i investeringer og sysselsetningen de neste seks månedene, men forventning om lavere etterspørsel og lønnsomhet trekker likevel forventningsindeksen ned.

Sogn og Fjordane
Bedriftene i Sogn og Fjordane melder om ei positiv utvikling i resultata dei siste tre månadene og resultatindeksen aukar med det til 64,1 opp frå 62,7 førre kvartal. «Turistfylket» sikrar med det sin posisjon som regionen på Vestlandet med høgast resultatindeks. Dette vert understøtta av at underindeksen for overnatting og servering har si høgaste måling i Vestlandsindeksen si historie og tal frå SSB viser at losji-omsetnaden i fylket går opp 13 % mot fjoråret. Bedriftene i fylket melder om oppgang i underindeksane for investeringar, sysselsetting og lønsemd, medan etterspurnaden ligg på same nivå som ved førre kvartal.

Sogn og Fjordane skil seg ut som den einaste regionen med auke i forventningsindeksen i tredje kvartal, opp til 66,8 frå 65,6 førre kvartal. Bedriftene i regionen venter redusert sysselsetting og lønsemd, men forventningane om ei auke i investeringar og etterspurnad bidreg til å trekke forventningsindeksen opp.

Andre interessante funn i undersøkinga:

  • Delen bedrifter i Rogaland som forventar å tilsette folk dei neste seks månadane fell kraftig frå førre kvartal (Q2 2017 = 30 % <-> Q3 2017 = 17 %)
  • Delen bedrifter i Hordaland som forventar å tilsette folk dei neste seks månadane er markant høgare no enn for eitt år sidan (Q3 2017 = 32 % <-> Q3 2016 = 19 %)
  • For bedrifter på Vestlandet som har meir enn halvparten omsetninga si knytt til olje- og gass-relatert verksemd er nettodelen som forventar å auka talet på årsverk no 24 %. Tilsvarande tal for tredje kvartal 2016 var berre 2 %.
  • Forventningsindeksen går ned i alle fylker utanom i Sogn og Fjordane.

Kontakter

Bilder

Forside Vestlandsindeks 3/2017 (Foto: Colourbox/Sparebanken Vest)
Forside Vestlandsindeks 3/2017 (Foto: Colourbox/Sparebanken Vest)
Last ned bilde
Vestlandsindeks 3/2017 - Graf: Kva tiltak bedriftene på Vestlandet meiner bør prioriterast av den nye regjeringa.
Vestlandsindeks 3/2017 - Graf: Kva tiltak bedriftene på Vestlandet meiner bør prioriterast av den nye regjeringa.
Last ned bilde
Vestlandsindeks 3/2017 - Graf: Kva samferdsleprosjekt bør den nye regjeringa prioritera?
Vestlandsindeks 3/2017 - Graf: Kva samferdsleprosjekt bør den nye regjeringa prioritera?
Last ned bilde

Dokumenter

Om Sparebanken Vest

Sparebanken Vest
Sparebanken Vest
Jonsvollgaten 2
5011 Bergen

05555https://www.spv.no

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 250.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.

Følg saker fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom