Amedia

Kai Aage Pedersen tilsett som ansvarleg redaktør i Firda

Del

Kai Aage Pedersen (53) er tilsett som ansvarleg redaktør i Firda. Pedersen er i dag NRK sin regionredaktør for Vestlandet. Han tek over roret i Firda 1. desember.

Kai Aage Pedersen. (Foto: Sindre Skrede, NRK)
Kai Aage Pedersen. (Foto: Sindre Skrede, NRK)

Styreleiar i Firda, Morten Nilsen, seier dei er svært nøgde med å få ein så erfaren leiar med lokal forankring med på laget. 

- Kai Aage Pedersen er ein erfaren og profilert journalist og redaktør, som har brei leiarkompetanse både frå avis og NRK, med digitale medium og frå endringsprosessar. Vi er trygge på at Kai Aage vil vere ei drivande kraft i den vidare utviklinga av Firda som den leiande medieverksemda i Sogn og Fjordane, seier Nilsen. 

- Kai Aage er visjonær og ambisiøs, og som redaktør vil han få som oppgåve å staka ut vegen vidare for Firda, seier han.

Kai Aage Pedersen starta si leiarkarriere som redaktør i Sogn Avis, han har vore distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane i to periodar og utviklingssjef i distriktsdivisjonen i NRK med ansvar for mobil og nett. No går han altså frå stillinga som regionredaktør på Vestlandet i NRK til Firda. 

– Dette er eit arbeid eg går til med stor entusiasme. Firda er ei av dei flottaste lokalavisene i landet, dei har ein stolt tradisjon og ein flott stab som lagar solide redaksjonelle produkt digitalt og på papir, seier Pedersen. 

Arbeidet med å styrka dei digitale medieplattformene i Firda skal halde fram med full styrke under den nye redaktøren. 

- Firda på mobil skal vere førstevalet til alle sunnfjordingar kvar einaste dag. Vi må vere oppdatert heile døgeret og innhaldet må ha høg kvalitet slik at folk føler dei får valuta for pengane. Samtidig må vi lage ei god papiravis. Det er svært spennande å kunne jobbe på fleire plattformer samtidig for å møte folk sine behov for nyheiter og anna viktig innhald frå lokalsamfunnet, seier Pedersen. 

Direktør i distriktsdivisjonen, Grethe Gynnild Johnsen, seier at ho tykkjer det er leit at Pedersen vil forlate NRK. 

- Han har vore ein god leiar for regionen og ein god strategisk leiar i divisjonsleiargruppa over mange, mange år. Eg forstår at han ønskjer seg nye spennande oppgåver og eg ønskjer han all mogleg lukke til. Eg håper at det er rom for godt samarbeid også framover, seier Gynnild-Johnsen. 

Den nytilsette redaktøren er levande oppteken av journalistikken og kva for ei rolle journalistikken skal ha i samfunnet. 

- Vi driv ikkje med journalistikk for moro skuld. Samfunnsoppdraget skal stå sentralt. Vi skal bry oss om samfunnet, men også bry oss med det som skjer, stille dei nødvendige kritiske spørsmåla og kontrollere den lokale og regionale makta. Firda skal vera ei engasjert avis, seier han, og legg til:

- Arbeidet med å utvikle dei redaksjonelle måla og eit redaksjonelt handlingsprogram er det første eg tek fatt på i lag med alle dei tilsette når eg startar i stillinga 1. desember, seier Pedersen.

Klikk her for fleire foto av Kai Aage Pedersen (Foto. Sindre Skrede, NRK)

Kontakter

Morten Nilsen, styreleiar i Firda Media AS - tlf: 911 89 719,

Kai Aage Pedersen, nytilsett ansvarleg redaktør - tlf: 970 55 202

Bilder

Kai Aage Pedersen. (Foto: Sindre Skrede, NRK)
Kai Aage Pedersen. (Foto: Sindre Skrede, NRK)
Last ned bilde

Om Amedia

Amedia
Amedia
Akersgata 34
0107 Oslo

22 00 90 00http://www.amedia.no

Amedia er landets største utgiver av lokale medier. Daglig når konsernets medier 1,9 millioner lesere.

Amedias redaksjonelle medarbeidere er hver dag til stede i lokalsamfunn over hele landet for å rapportere om det som skjer. Samtidig bidrar våre selgere til å skape lokale markedsplasser gjennom å koble lokale næringsdrivende med kunder. Sammen dekker disse funksjonene vårt samfunnsoppdrag i alle lokalesamfunn hvor Amedia er til stede. Verdiene som ligger til grunn for Amedias tolking av samfunnsoppdraget finner man i vår forretningsidé og vår utgivererklæring.

Følg saker fra Amedia

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Amedia på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Amedia

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom